lørdag 30. juli 2011

Hipp hurra, DraumeHjerte♥ er ein månad i dag!!

God laurdagskveld kjære alle besøkande :))


Hipp hurra!

Tenk, idag er DraumeHjerte♥ ein mnd :))

Eg må innrømme at eg syns det var litt spookey,tanken på å "legge seg ut på nett" for alle som ønsker å lese, og få innsyn i min verden.. Men etter den fantastiske responsen som eg har fått, hadde eg ingenting å bekymre meg for! Eg er utrulig glad og ydmyk for alle dei flotte tilbakemeldingane eg har fått, både på interiørdelen og den meir tenkande biten... Dere er så hærlige og gir meg masse inspirasjon til å fortsette!♥

I skrivande stund har eg hatt over 3060 besøk denne første månaden, og det er jo heilt fantastisk!!!!!!!!
Det hadde eg ikkje forestillt meg kan eg love dere :)

Så tusen takk for at dere er dei dere er,
eg setter stor pris på kvar og ein ♥

No skal eg ta meg eit deilig glass rødvin på terrassen for å feire, jubii :))

Store gode klemmer fra ei frøken som er varm 
langt inni (draume)hjerte♥ :)

Take care!


Bilde tatt av Rita :)

fredag 29. juli 2011

Terrassen min



God fredda's kveld :))

Idag har eg gått bananas på Plantasjen, eg tenkte at det kanskje var på tide å kjøpe litt blomster til terrassen? ;)
Jada eg veit eg er ein smuule seint ute, men men :)

Så no har eg styra og stellt, har til og med vaska golvet med grønnsåpe hihi :))

Så her kjem bilder av terrassen, håper du liker det du ser :)
Eg har som du vil sjå overbygg, så utestova kan stå slik heile året :))



FØR eg flytta inn!




Oversiktsbilde, tatt rett etter eg hadde pussa opp i vår :)


     

Før/etter-bilde
av ein stol eg redda frå containerdøden :)
Eg har nytta stempel og teksten er:

I love you more today than yesterday
But not as much as tomorrow
My sweet angel



Før/etter-bilde av sofaen:)
Eg har trekt den om med linstoff frå Ikea:)




Bordet er også kjøpt brukt, dette er naturlig slitt:)

Terrassen andre vegen:)
Bordet og reolen er kjøpt brukt og malt:)


Elsker lavendel :)



Fine gamle kassen min med drivved oppi :)




Eg har kjøpt meg eit appelsintre:)
Gode var dei også :))


Sink-kasse med ein nydelig Hortensia :)




Carpe Diem



Nytt blomsterbed med nydelige roser i :)
Den til høgre har ikkje bloma enda,
den får lys lilla roser!


By Night :)

Nokon som har lyst å komme å drikke vin på terrrassen? :)





Ja det var utestova mi :)
Håper du liker det du har sett, ALT av møbler er gjenbruk :)

Og du, eg blir veldig glad for tilbakemeldinger på innlegga mine her inne på bloggen, det er så kjekt :)


Ha ei nydelig helg, stor klem frå frk Åsnes

torsdag 28. juli 2011

Stua mi


Tittei :)

Ja då er eg klar for å vise stua mi :)
Eg har malt eine veggen, for å få ei bryting og litt forandring. Var ikkje lett å velge farge og nyanse, men kom fram til ein lys lilla-grå. Er kjempefornøgd! ...Og lilla (syrin) er ein gjennomgangsfarge i leiligheita mi :)

Eg viser først nokre bilder av korleis det såg ut før eg flytta inn:



FØR!!



FØR!!




FØR!!


Så kjem etter:)


Spisebord og stoler, kjøpt brukt:)
Eg har malt alt sammen og trekt om setene,
 her brukte eg ei gardinhøgde:)



To gamle vindu med orginal farge kjøpt på Finn, som eg har dekorert:)




Her ser du heile spisestua:)


Utgangen til terrassen :)


Utsikta frå sofaen:)
Tv-benken og skjenken er kjøpt brukt og malt:)



Her oppbevarer eg lys:)
Fint å ha dei framme som dekorasjon :)




Ein gammal naturlig slitt stol,
som eg elsker:)



:)


Salongen :)
Gyngestolen og bordet er kjøpt brukt og malt:)



Døra til "Lille" sitt rom :)
..Og den tøffe lampa mi :))



Stemning ♥




..Love shine a light.. :)




Over sofaen:)
På veggen står det " Life is beautiful"
Hjertebilde er eit ekte bilde, som eg har tatt over på lerret:)
(Tusen takk for motivet Rita ♥)



Lysfatet på sofabordet:)


Ja det var stua mi :)

Som du sikkert ser så følgjer eg ikkje ein stil, eg har ei blanding av det eg liker:) Det passer best for meg, slik blir det meir personlig :)

Store deler av stua er gjenbruk, både møbler og eindel interiør:) Mesteparten er kjøpt på Finn.no :)

Håper du har blitt litt inspirert!

Stor klem frå frk Åsnes :)



onsdag 27. juli 2011

Djupe tanker...

 God kveld kjære alle :)

Korleis står det til med dere i kveld?..
Eg kjenner at desse orda betyr meir enn før.. Ikkje det at eg ikkje meinte det oppriktig når eg spurte før denne skjebnesvangre fredagen, men eg kjenner at dei har fått endå meir oppriktigheit og kjærleik i seg.. Heile nasjonen har fått ei felles sorg som er heilt ubeskriveleg og vond.. Og eg tenker at det er viktigare enn aldri før og spørje korleis våre medmenneske har det.

Trur nok denne grusomme hendinga har "vekt" oss litt... Vi har fått litt andre "briller", vi er blitt meir empatiske, omsorgsfulle og flinkare til å vise følelsar. Og det syns eg er så bra!
Og eg håpar vi kan fortsette slik...

Og eg trur det er viktig å ikkje gløyme at folk har mange sorger og vanskelige dager, også utanom denne fryktlege tragedien.. Nokon er einsame, har det vanskeleg i kvardagen, eller kanskje slit med sjukdom.. Vi må ikkje gløyme desse! Kanskje kan vi bli enda flinkare til å bry oss om andre rundt oss, og gi ei hand til dei som treng det...





Ein annan ting som eg har tenkt mykje på dei seinare dagar er tilgivelse..og forsoning.. Eg meiner ikkje at vi på nokon som helst måte skal tilgi det denne djevelen gjorde, det er umulig å be eit mennenske om..
Men når vi har gått gjennom ei slik horribel hending, så er det lett for at ein byrjar å tenke på andre ting som har skjedd ein i livet..
Ting som ein før ikkje har villa gi tilgivelse for, eller kanskje er det ulikt som ein sjølv gjerne skulle ha gått tilbake i tid å forandra.. Ting ein har sagt eller gjort...

Eg hørte nokre kloke ord i dag: Å tilgi er å slutte å ønske at fortida hadde vert annleis...

Det er ganske sterke ord...
Eg har lest den setninga for meg sjølv mange gongar idag for å analysere kva den betyr for meg... Og det er ganske mykje.. Eg har såre minner frå mange opplevelsar i livet mitt, og også ting som eg skulle gjort annleis, men som desse kloke orda seier så kan ein dessverre ikkje skru tilbake tida.. Men ein kan velge korleis framtida skal vere, korleis ein skal te seg og kva ein seier... Eg har vertfall fått merke at vi veit ikkje kor lenge vi er her på jorda, og livet er for kort til å vere bitter..

Dette blei kanskje litt djupe ord så seint på kveld, men eg syns det er eit viktig tema..

Ynskjer dere alle ei god og fredfull natt, ta vare på kvarandre! 

Varme klemmar frå frk Åsnes





tirsdag 26. juli 2011

Gatene er fyllt av kjærleik...♥

Hei i natta

Dette har vore ein merkeleg dag... Fyllt av sorg og avsky, men samtidig håp, kjærleik og stoltheit..

Tårene trilla under Et Minutts Stillhet..Eg såg det på tv, og det var ei verdig og vakker markering. Heile landet sto stille, i tillegg til våre naboland. Hørte berre måsane, ellers var det komplett lydlaust...

Heile verden føler med oss, og er imponert over vår måte å møte denne tragedien. Istadenfor å sverge hevn svarer vi med roser i gatene..

‎"Lille fredfulle Norge viser verden hvordan man bør takle situasjoner som dette. Akkurat nå vil jeg rangere Norge som det største landet i verden, jeg har aldri sett noe lignende"

-Barack Obama
Dagen i dag trur eg har rørt heile jordkloden vår... Eg har deltatt ved fakkel/rosetoget i Bergen by, og eg er berre ein av mange hundre tusen som har vist si støtte ute i gatene rundt om i landet. Eg må berre sei at eg er ufatteleg stolt av å vere norsk i dag!! Eg har i etterkant sett minnemarkeringa frå Oslo, og er heilt stum av beundring.... Himmel for eit folkehav! Og når alle heva rosene sine samtidig, fraus eg nedover ryggen... Eg har aldri sett noko meir magisk!!
(Bilder frå Blomsterhavet kan du sjå her)


Vi er klar for å minnast dei som er gått bort...


Ved den Blå Steinen mandag

Og eg er så utrulig imponert over Jens og leiaren av AUF, samt kongefamilien. Det er fantastisk å sjå kor jordnære dei er og tørr å vise følelser saman med oss.
Ja eg seier det igjen, eg er utrulig stolt av å vere norsk og vere ein del av dette fantastiske samfunnet som vi har
Og Kronprinsen har virkelig rett når han seier at gatene er fyllt av kjærleik. Trur ikkje det kan seiast på ein finare måte!

Eg håpar at vi om ikkje altfor lenge greier byrje å fungere igjen, få tilbake kvardagen der ein gledar seg over ein deilig kopp te, smile over kafèbordet når ei venninne *kremt* sutrer over midjemålet som ekspanderer, eller er i ekstase over eit shoppingkupp... Det ser eg fram til.. Akkurat no følest det lenge til, men eg har trua på at den kjem snart...
Til dess, ynskjer eg alle ei fredfull natt med denne nydelege sangen til minne om alle dei som ikkje er blant oss lenger...


Angel med Sarah McLachlan ♥




Nattakos frå frk Åsnes ♥

søndag 24. juli 2011

..Gje meg handa di ven..



Eg er lamslått.. I sorg.. I sjokk..
Det er vanskeleg å sette ord på det som har hendt.. :(
Eg vakna laurdags morgon til nyhende om at det var over 80 unge flotte menneske som var drept.. Eg fekk ikkje fram eit ord.. ..Tenkte på alle foreldre som har mista barna sine, søsken, venner..
..Tårene triller, ord blir så fryktelig fattige :(
Og eg tenker på alle dei som har sett og opplevd dette.. Dei som kjempar for livet og dei som ikkje klarte seg..
Eg kjenner eg har lyst å gi alle som treng det ein klem..
Hjelpe til.. Vise at eg bryr meg.. Tørke tårer..
..Gje ei hand å halde i..





Og vi må ikkje gløyme barna.. Dei forstår meir enn vi aner..
  Dei ser sorga og tårene i auga våre..
..Og blir prega av det dei ser og høyrer..

Min sønn på 5 år sa i dag:
"Viss vi har tru på oss sjølv kan vi få til alt"

Mammahjertet mitt blir så rørt og stolt over guten min 
når eg opplever slike gylne øyeblikk
Og han har heilt rett... Vi skal ikkje la oss knekke av dette!
Vi må aldri miste trua.. Trua på at vi har verdens beste demokratiske land å bu i, trua på at kjærleiken vinn over hatet, trua på det gode...


Eg veit at Noreg aldri vil bli det samme igjen..
..Dette vil prege oss for alltid..
Samtidig føler og håper eg at vi vil bli eit meir omsorgsfullt land, vise toleranse, vere endå betre medmennesker..

Eg oppfordrar alle til å strekke ut ei hand til dei som treng det, og avsluttar med den nydelege sangen


Gje Meg Handa Di Ven
sunge av Kurt Nilsen og Helene Bøksle






God natt alle sammen, og hugs:

♥AMOR VINCIT OMNIA ♥

Varme gode klemmar frå frk Åsnes

fredag 22. juli 2011

Lys i mørket...

Hei alle sammen ♥
Eg må berre sei at eg er heilt i sjokk etter kva som har skjedd i vårt kjære vesle høgt-elska Norge i dag... Først bombinga i Oslo sentrum, og deretter får vi høyre om hendinga på Utøya :(
Kven er det som er så gjennomsyra av hat at ein ynskjer å drepe uskuldige ungdommar???? Og det verste er jo at dei trudde det var ein påliteleg politimann som skulle gi info om det som skjedde i sentrum av Oslo :(
Stakkars dei som vil få varige sår både fysisk og psykisk resten av livet, etter å opplevd noko så traumatisk :( Mange har sikkert sett venner bli skutt og mange var livredde medan dei prøvde å gøyme seg...

Eg tenker at det viktige her no er å ikkje miste gangsynet og la terrorisme spre enda meir hat og frykt...Saman er vi sterke og vi er så glad i det frie og gode landet vårt.. Så vi må prøve å leve slik vi har gjort, sjølv om dette vil prege oss for alltid... 
Mine tankar går til dei som har mista nokon dei er glad i, og dei som har opplevd dette grusomme som har skjedd idag :(

TA VARE PÅ KVARANDRE ♥ , gi blaffen i detaljar som ikkje betyr noko og fortell dei du bryr deg om at du er glad i dei ♥ Vi har fått bevisst i dag at vi ikkje er "unbreakable" og slike grusomheiter faktisk kan skje "her heime" også...




Eg tenner eit lys for dei som treng det,og mine tankar går til dei berørte..

Varme klemmar frå frk Åsnes ♥



torsdag 21. juli 2011

Ferietur i vakre Nordfjord :)

God kvelden :)

Når eg byrja på dette innlegget sat eg på kjøkkenet på vakre Flatraket og naut utsikta ut i havet:)
Fantastisk fint og nydelig solnedgang!


Eg og "Lille" har hatt hærlige dagar i Nordfjord, både på Flatraket ved Måløy og i Stryn:)Fantastiske venner, deilig mat & vin og mange gode shoppingkupp ;)Dette er balsam for sjela! Vi har vore med på masse kjekt, og fått mange flotte minner å gøyme i hjertet og ta fram att når hauststormen herjar som verst.. :)
Eg har laga ein liten bildeserie av nokon av høgdepunkta, kunne nok laga eit heil bok :) ♥


HeimeSpa-luksus i Stryn ;)

Lesestund med gode venner i Stryn:) ♥

Blåbærtur :))

Eit søtt lite par hand i hand på Flatraket-stranda

Ein glad gjeng er klar for shopping på Pur Glede :))

Eg blei anbefalt av venninna mi i Stryn å besøke denne sprudlande butikken, og det angra eg ikkje på! Fantastisk energi og hjertevarme møter deg der ♥, så anbefalar virkelig å ta turen innom :) Pur Glede skal også bli nettbutikk, og du kan besøke henne på Pur Glede på Facebook :)
Blide Åse som eig butikken :)


Er ikkje denne knalltøff?? :))


Mange fine ting og freshe farger :)


Knis :D


Eg fekk også prøve fiskelykka, alldeles nyydelig kveld på sjøen! Blei lite napp, men ein hærlig opplevelse:) Fiske er den beste avslapning som fins :) Og vi sette krabbeteiner, eg elsker krabbe! :)

Frk Åsnes prøver fiskelykka :))

Og jammen fekk vi fangst, masse krabber i tre teiner:) Så om kvelden etter hadde vi reke/krabbefest og spelte "Alias" til langt på natt med lått og løye ;)) Ein hærlig kveld i godt lag:)

Ja no skal vi kose oss :)

Ein kan ikkje vore på Stadt utan å besøkt den utrulig fasinerande og flotte Kannesteinen :) Så vi tok turen, og rakk akkurat å få tatt bilder før himmelen åpna seg og det styrtregna resten av dagen!
Kos ved den berømte Kannesteinen :)



Ja det var litt bilder frå vår koselige feire!
To glade ferieturister seier tusen takk til alle som vi har besøkt, vi har hatt det fantastisk! Så gjestfrie og godhjerta venner, vi kjem gjerne att, og dere er hjertelig velkomne til oss i Bergen :)♥

Ha ein fortsatt fin sommarkveld, god klem fra ei lykkelig frk Åsnes med mange gode minner i sekken ♥