søndag 3. juli 2011

Søndagstanker.. :)

God søndagskveld kjære alle sammen :)

..Freden har senka seg over heimen og ho mor har satt seg godt til rette i soffen med ein deilig kopp te, norske jordbær og sjokolade :)...mmmm...

Det har vert ei kjempefin helg med venner, nydelig sommardag(laurdag), og ein aktiv liten sønn som er veldig nyskjerrig på livets små og store underverk:)
..Og når søndagskvelden kjem, og eg "lander" i soffen så kjenner eg at eg er ganske sliten rett og slett.. :)Mange fine stunder, ca 3000 spørsmål frå ein nyfiken 5-åring, og mykje aktivitet.. :)For ja, det ER også itillegg til å vere den største glede,slitsomt å vere (åleine)mamma, og eg syns det skal vere lov å seie det høgt også.. :)
Veit vi er mange som slit med dårleg samvet for ein ikkje føler ein strekk til, men kvifor skal ein ha det? Det er vel berre eit tegn på at prøver å gjere sitt beste for dei små? :)..Og når ein får eit varmt slengkyss og smil frå trampolina på Leikeland (som eg og lille var på i dag), så er det virkelig verdt all den energien som går med, og eg kjenner varmen og kjærligheten breier seg i heile kroppen ♥


Min største skatt i livet


Eg har også lyst å skrive litt om vennskap, sidan hjertet mitt blømer sånn i dag ;)
Eit ordtak seier at "Venner er den familien ein vel sjølv" og det er jammen sant :) Vennskap er gull verdt,kva hadde vel livet vert uten? Ta vare på dei gode vennane som beriker ditt univers og er der for deg, og kvitt deg med dei som ikkje fortjener deg..
Til alle mine venner i mitt liv,fjernt og nært; takk for at dere er der kvar og ein, våre vennskap betyr ubeskrivelig mykje for meg♥


Kveldskos på terrassen med god veninne :)


Eg vil avslutte med nokre kloke ord skreve av Inger - Johanne Alsaker, som eg tykkjer er heilt fantastisk:

Din dag

Dagen i dag er en merkeleg dag,
den er din.
Dagen i går slapp deg ut av hendene
Den kan ikkje få anna innhald
enn det du alt har gitt den.

Dagen i morgon har du ikkje noko løfte på,
du veit ikkje om du kan regne med
å råde over den.

Men dagen i dag har du.
Det er det einaste du kan være sikker på
Den kan du fylle med hva du vil
Benytt deg av det.
I dag kan du glede et menneske
I dag kan du hjelpe ein annan
I dag kan du leve slik at nokon i kveld
er glad for at du er til.

Dagen i dag er en betydningsfull dag
     Den er din.

Ha ein fortsatt nydeleg søndagskveld,
god klem fra Frk Åsnes ♥

6 kommentarer:

  1. Fine blogg du har fått. skal legge den til i mine favoritter...Du treng ikke ha dårlig samvittighet for å ikke strekke til...For det gjør du...Ser jo hvor glad gutt du har...:-)

    SvarSlett
  2. Alle mødre blir slitne av ungane sine i ny og ne, det viser berre at vi er mennesker vi og!! Kos deg vidare på søndagskvelden, det har du fortjent;)
    Flott blogg, gler meg til meir!
    Klem frå Fru Åsnes;)

    SvarSlett
  3. Mitt favoritt dikt <3

    SvarSlett
  4. Så herlig at du set ord på det me andre tenker :)
    Flott blogg! Herved ny følger.

    Klem Eli

    SvarSlett
  5. FOR en flott blogg du har laget, Anita!!! Du er bare rå!! Kjempeflott skrevet, og mange flott bilder!!! Det siste diktet du skrev, minner med sånn om min farmor som døde for 2.5 år siden. Hun leste alltid det diktet ♥ Det er nydelig!! Klem ♥

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥