tirsdag 26. august 2014

Ny spisegruppe! (Etter mykje klabb og babb ;)

Hei!


No er det jammen meg ei stund sidan sist.. :)
Det har vert ein fantastisk flott sommar, med deilige late dagar i deilig soool :))

Rett før sommarferien kjøpte eg meg ei ny spisegruppe på Finn.no, etter å leita lenge etter det eg ønska meg :) Eg ville ha eit høgare bord, samt litt smalare. Dette fordi det er trangt og eg ønska meg litt opp i høgda:)I tillegg ville eg litt vekk fra det romantiske og over til natur :)
Den spisegruppa eg landa på er frå Living, og laga av kvitvaska eik :) Men fargen blei feil hos meg... Eg ønska meg ein lys gråfarge som passa inn i resten av interiøret :)

Det har vore ein vanvittig laaang og utfordrande prosess kan eg love... Har ikkje gjort dette før, så det blei mykje prøving og feiling! Men veien blir til medan ein går, og ein lærer av tabbene, er det ikkje så? ;)

Eg byrja med å kjøpe meg ei pussemaskin, og papir i grovhetsgrad 180. Pussa i vei, og tenkte at dette var gode greier.... Byrja å beise på, men syns ikkje det blei noko bra resultat, beisen hang ikkje på... Så eg tok aaltfor mange strøk og det blei nesten som maling... 
Prøvde så å pusse litt ned for å få eit gammalt uttrykk, men såg raskt at dette ikkje blei slik eg hadde førespegla meg.. 
SÅ då har det berre å pusse ned på nytt, (bord,bordbein og to plater)denne gang med pussegrad 80. 




Beisa så nye strøk på alt (kun ett denne gangen), men syns fortsatt ikkje fargen blei riktig, følte heller ikkje at eg hadde klart å pusse gjennom hinna som var der frå før. SÅÅ då kjøpte eg ein gelè som skulle fjerne maling/beis osv. Denne funka! Men var eit stort griseri...

Så var det igjen 'here we go again'..........

Naboane mine har lurt på kva eg har drive med og om eg ikkje snart er ferdig etter vekevis med beising og pussing hehe..! "Skal du skifte farge no igjen??"
Men eg gir meg sjeldan på tap, så måtte jo berre halde ut :)

OK, då prøver vi igjen!
Først så vaska eg delane med husvask. Så beisa eg eit strøk med kvit kalkbeis, dette er eit godt triks, for å sleppe den gule fargen i treet. (Hadde eg berre visst det med ein gang.. ;)
Så eit strøk med patinagrå :) OG SÅ BYRJA DET Å STRIREGNE! 
&!!##/&&¤¤%¤"! Dekka til med plast, men den drog dessverre med seg litt av beisen. Så då måtte eg reparere... Skal ikkje vere enkelt!

Så var det stolane sin tur. Dei pussa eg for hand med pussepapir 80, før eg vaska og beisa, samt trakk om setene (med kjøkkenhandklede), då eg ikkje er fan av skinn :)



Dette var altså kortversjonen av dette prosjektet haha.... Veien har som sagt vert lang, men eg gir ikkje opp så lett og eg er ikkje nøgd før eg er det..Og det er eg no, jubiii!

Her skal dere få sjå resutatet, 
og eg må sei at det er endå finare live :))


Eg kan også sette på to plater for å forlenge bordet :)
Eg er strålande fornøgd!


Eg har brukt eit underfat i betong (til blomstekrukke) til lysfat :)

 Eg kjøpte denne fine lampa på salg i sommar, og fant ut at den passa supert til den nye spisegruppa :))
Var litt usikker på korleis eg skulle få det til, men eg fant fram betongborret og greidde det heldigvis uten altfor mykje styr :) Eg brukte ein krok, samt klisterlister for å få skjult ledningen best mogleg :)

Elsker denne fjørlampa frå Eos!  



Fant desse fine motiva til stolane på Living, passa perfekt inn :)



Blanding av ulike element gir ei lun stemning :)



Ja det var altså resultatet av mitt mest 
krevande prosjekt hittil ;)
Det gjeld å ikkje gi seg, sjølv om det ikkje går så smertefritt som ein hadde tenkt seg.. :)

Gledar meg til å ha gode vennemiddagar her! :)


15 kommentarer:

  1. Kjempestilig, du er flink :)

    SvarSlett
  2. Så fint Anita :)
    Du er flink!

    SvarSlett
  3. Kjempestilig, og du e kjempeflink, Anita :)

    SvarSlett
  4. Suverent arbeid anita :)

    SvarSlett
  5. Lekkert♥ Deilig med stilskifter :)

    SvarSlett
  6. Så fint du har gjort det Anita, men det var ikke overraskende ;)

    SvarSlett
  7. alt du tar i blir til gull :)

    SvarSlett
  8. Lekker altså, du er kjempeflink! :)

    SvarSlett
  9. Flott og så fint med kongler oppi lysbrettet:)Bra tips nå mot høsten:)

    SvarSlett
  10. Stilig spisegruppe! Akkurat passe stor, noe sånt jeg kunne tenkt meg i min lille stue :)

    SvarSlett
  11. Å så misunnelig jeg er på den spisestuen din. Den var fin fra før, men nå er den jo bare superfin! Du er kjempeflink må jeg si som får så mye gjort!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Matilde! ♥
      Gjeld å ikkje gi opp undervegs sjølv om det klusser seg til... :)
      God klem til deg!

      Slett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥