tirsdag 23. september 2014

...Svimete, eg?

Hei alle sammen :)

Idag blir det eit litt annleis innlegg enn vanleg..
Alt kan jo ikkje handle om interiør heller ;)

Eg set her i sofaen og veit ikkje heilt kor eg skal byrje.. 
Tusen tankar i hovudet,
 som skal formulerast på ein fornuftig og forståeleg måte...
For det er akkurat det dette innlegget skal dreie seg om... :)

Idag har eg fått ein bekreftelse og ei forklaring
på noko eg har mistenkt ei stund, og streva med heile livet.

Egentlig umulig å få auge på om ein ikkje veit om det,
eller er skolert på området.
Idag har eg fått vite at eg har diagnosen ADD.. 
ADD? Kva er det tenker nok mange, og med rette.
'Alle' har hørt om ADHD,
om 'desse ungane/vaksne som er hyper'. 
Men kva er ADD då?
 Det står for Attension Deficit Disorder,
som betyr oppmerksomhetssvikt. 
Du kan lese meir om det her.

Grunnen til at eg blei oppmerksom på at eg kanskje kunne ha ADD, 
var på eit kurs eg var på i forbindelse med at min sønn har ADHD. 
Når eg las symptoma tenkte eg berre 'Herregud, dette er jo meg...' 
Og no har eg altså fått det bekrefta.. Og for ein lettelse!!

Heilt sidan eg var lita har eg følt meg annleis... 
Dagdrømte konstant, både heime og på skulen. 
Sleit med konsentrasjonen og fokus..
 Aldri klart å lese instruksjonar eller løyse gåter.. 
Følge med og notere på samme tid??? Haha morsom du, utopi for meg...
Fekk stadig høyre i barndommen: 'Jammen du høyrer jo ikkje etter!!'
 Nei eg hørte ikkje etter, for tankane mine var over alle haugar.. 

Dårleg hukommelse, svimete, elendig på å gjenfortelle ting..
Det andre brukte ein time på (feks lekser)
 kunne eg bruke 5 timar på...
Ja eg kunne ha ramsa opp i bøttevis..

Eg har i vaksen alder lurt på
 om eg rett og slett er mindre glup enn andre,
eller om eg er tidlig dement... 
For det går jo søren meg ikkje an å vere så svimete?
Men jau det gjer visst det...
Og ja det har gått hardt ut over sjølvkjendsla frå eg var liten,
... 'kva er det med meg?'...

Etter eg kom ut frå VOP idag 
så var det akkurat som eg såg livet mitt i revy,
 men med ADD-briller på.. 

Kva om det hadde blitt oppdaga når eg var liten? Ungdom?
I grunnskulen, ungdomsskulen, gymnaset, yrkesfag, i læretida?..
Korleis ville oppveksten og livet mitt sett ut idag då?

Ville livet mitt blitt heilt annleis 
om eg hadde blitt fanga opp og fått hjelp og evt byrja på medisin?

Eg tenkte også på alt eg har opplevd gjennom snart 39 år.. 
Ja eg har streva med konsentrasjon og fokus,
 brukt enorme krefter på å få ting med meg,
 vanvittig mykje tid på lekser og å få 'ting inn i knollen' ...
Og eg har vore vettskremt for å ikkje lykkast 
med det eg har foretatt meg oppigjennom..

Det har vore angst, uro, redsle for å ikkje vere god nok,
 kunne nok, vite nok...

MEN samtidig så tenker eg at dette har gjort meg til den eg er idag! 
Ja eg har hatt mange utfordringar som kanskje ikkje alle andre har,
 men motgang gjer ein sterk, er det ikkje så?..

 Eg har fighta og kjempa, ramla ned og og kravla meg oppatt... 
Eg trur staheita i meg har redda meg,
 ein krigar som ikkje gir seg på tap..




...Og så kan eg jo nevne at eg er høgsensitiv i tillegg, 
ein skikkelig killerkombo haha :D
Det kan du lese meir om her.

Eg er heldigvis utstyrt med ein god porsjon sjølvironi, 
eg trur det har redda meg oppigjennom, på fleire måtar. 
Det å kunne le litt av seg sjølv og bruke humor 
trur eg er ein god eigenskap med denne diagnosen :)

Når eg har nevnt for vennar av meg at eg mistenkte at eg har ADD, 
så sa mange av dei berre 'Hæ? Du?' 
Ja kvifor ikkje meg?
 Føler kanskje at denne gruppa er ein smule stigmatisert, 
og det blir så feil! 
Dette kan ramme alle, det er medfødt!
Og eg må virkelig sei at eg syns synd på dei 
som går gjennom livet med ADD/ADHD og ikkje får greie på det.. 
Husk det at det er ikkje noko gale med deg,
 det har ingenting med intelligens å gjere,
 du er ikkje skulesvak,
 du har berre ein koblingsfeil i hjernen ;)



Så kvifor skriv eg dette? 
Kvifor utleverer eg meg på denne måten? 
Hadde det ikkje gagna meg meir å berre vere stille 
og ikkje la folk vite om det?
Skal eg vere flau?
 Skamme meg?
NEI!

Kvifor skal eg tie ihel noko som er ein del av meg? 
Det har no blitt folk av meg også,
 god utdannelse har eg også klart å få meg.. :)
Nei eg vel heller å vere stolt over den eg er
og korleis livet mitt har blitt.
Det har kosta blod, svette og tårer, men det er verdt det!


                                                               



35 kommentarer:

  1. Ingenting å skamme seg over. Om alle hadde hatt ei så flott sjel som det du har. Glad i deg vennen <3<3 Gode klemmer i dagen <3 Aina

    SvarSlett
  2. Skjønne skjønne du !!!
    Så herlig ærlig !
    Og godt å få det diagnosistert , satt ord på det ...,
    Som du sier , du er en fighter og det kommer du fortsatt til å være hele livet !
    Stå på , du har kommet langt ❤️❤️
    Klem Ingrid��������

    SvarSlett
  3. Du er tøff, åpen, direkte, vakker på innsiden og utsiden. Du er et vidunderlig menneske ♥

    SvarSlett
  4. Godt innlegg Anita :)

    SvarSlett
  5. Du er bare helt fantastisk Anita!

    SvarSlett
  6. Veldig fint skriven,Anita. Ser meg sjølv i dine ord og tanker. Stå på som du alltid har gjort.
    Glad i deg♥

    SvarSlett
  7. ja vær stolt av den du er, det har du all grunn til :)

    SvarSlett
  8. Kram på dej ♥

    SvarSlett
  9. Imponert! Du har virkelig klart deg bra å komt deg opp å fram her i verden- på eiga hand :*

    SvarSlett
  10. Herlige ærlige deg, flott å få ett endelig svar:) :) Dette fixer du fint ,med din positive innstilling :)
    Glad i deg snupp♥♥

    SvarSlett
  11. Berre fortsett å være den du er. Stolt og glad :)

    SvarSlett
  12. Så godt å få svar ! I tillegg er du vakker og god både inni og utanpå, og kjempetøff som har valgt det yrket du har, med slike utfordringar. Beundrar og er glad i deg forever and always ♥

    SvarSlett
  13. Her må eg bare slenge meg på ♥
    Evig glad i deg, og har alltid hatt trua på deg! Viljestyrken din, ja den kan mange misunne deg kjære! Stolt av deg♥

    SvarSlett
  14. ♥Vi feirer diagnosene våre når eg kjem til Bergen♥ For alltid ver den du er vennen♥

    SvarSlett
  15. Du er ei rå dame, Anita :) Stå på:)

    SvarSlett
  16. Så flott at du endelig har fått svar! Selvfølgelig er ikke dette noe å skamme seg over. Alle er forskjellige og godt er det :) klem

    SvarSlett
  17. Du er en fighter Anita ♥ kjempe tøft av deg ♥ godt skrevet og beskrevet av deg :) stor klem

    SvarSlett
  18. utrolig flott blogginnlegg!! ♥ Stå på og vær stolt av deg selv! Aleinemor i tillegg, det er ikke bare bare...

    SvarSlett
  19. Syns innlegget ditt va utrulig tøft gjort ♥ Og eg har trua på at det å vere open om slike ting er kjempeviktig! Kanskje kan andre lære noko av det også... Stolt av deg Anita :*

    SvarSlett
  20. Modig! Uansett alder så er det godt når brikkene faller på plass :)

    SvarSlett
  21. Stolt av deg♥

    SvarSlett
  22. Veldig bra skrive Anita, og viktig å dele! Glad i deg! :)

    SvarSlett
  23. bøyer meg i støvet for deg, Anita ♥ det står respekt av å være så åpen på "feil og mangler" ved en selv .....du lever godt med det, og er helt fantastisk :)

    SvarSlett
  24. ♥ forbilde :) ver stolt av deg sjøl, du hadde ikkje vore den du er uten bokstaver :)

    SvarSlett
  25. veldig flott innleg du har skrevet. er nok mange som leser dette som kjenner seg igjen. du er tøff som står frem med dette. stå på Anita, vær stolt av deg selv. flott skrevet av en flott Dame :) god klem fra meg ! ♥

    SvarSlett

  26. Synes du e knalltøff eg :D

    SvarSlett
  27. ♥tommelen opp for herlige Anita♥

    SvarSlett
  28. Flotte, ærlige Anita ♡♡♡ Tøft av deg!

    SvarSlett
  29. Veldig bra skrevet Anita! Du får frem mye, på en ærlig måte, om hvordan din situasjon er og har vært. Tror absolutt at dette kan være til hjelp for andre :)

    C

    SvarSlett
  30. Tøft innlegg! Du er ein av få eg bryr meg om frå skuletida - veldig glad på dine vegne at du har fått ein puslebit på plass i livet!

    SvarSlett
  31. Sterkt innlegg, Anita :) du er tøff, og det er rørende å lese historien du forteller her i bloggen din! Flott at du har fått et svar på det du har følt på så lenge :) klem

    SvarSlett
  32. Stort, frk. Åsnes!!

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥