søndag 18. september 2011

Thoughts and things.... :)

Hei kjære alle sammen :)♥

Håper dere har hatt ei finfin hausthelg :)

Er ikkje så ofte eg får anledning å skrive her inne, jobben og min lille skjønne kråkebolle tar all mi tid... Er masse hobbyting eg har lyst å lage, men er vanskelig å finne tid og energi.. Eg håpar ting roer seg litt etterkvart, så eg får utfolda meg på den fronten igjen! Eg har også fått lånt meg ei symaskin, eg har lyst til å prøve å sy litt:) Det har eg ikkje gjort sidan 8. klasse på ungd.skulen haha :))

Så over til noko heilt anna...

Lille har i det siste spurt fleire ganger om ikkje eg snart skal få meg ein kjæreste.. Eg flirte berre første gangen han sa det, men så spurte han meg igjen idag, og eg spurte kvifor han ville at eg måtte få meg ein kjæreste. Svaret eg fekk då kjente eg skar meg litt i hjertet, han sa at han ville ha meir selskap.. Er vel slike ting som gir ekstra dårleg samvet etter eit samlivsbrudd.. No er det to år sidan, og han meiner tydeligvis at det er dags å få ein mann i hus... Så kva skal ein svare til slikt da?? Uff nei det er ikkje berre enkelt for dei små.. Så får tida vise da, om det dukkar opp ein prins i livet til mor etterkvart :)


Eg har forresten fått eit nummerert bilde av 'Hjertegod' i ramme og på veggen endelig!! Dette bildet er såå fint og eg syns det seier så mykje :)

Eg bestillte det hos kunstnaren Merete Iversen, ei trivelig dame frå nord :)









Ja det var litt frå meg, blir glad for helsingar og 'brev', kjekt å høre korleis det går med dere!:)

Haustkos frå frk Åsnes ♥

søndag 11. september 2011

Endelig peis!

Hallaien alle sammen ;)

Står til? :)
Eg har det fint, men dog full timeplan :) Dagene flyr avgårde, kan ikkje huske at dei gjorde det på denne måten før hausten?... Men det er vel slik A4-livet er;
Stå opp-stelle seg-bringe-jobbe-hente-lage middag-legge barn, nokre voksensone-timar og så lalle.... og eit par måltid innimellom... Og plutselig er ungane 18 og på vei ut av redet.... 
Trur det er viktig å stoppe opp innimellom, om det lar seg gjere.. Min timeout er å legge meg på Shaktimatta(spikermatte) ein gang pr dag.... Det gjer godt for både kropp og sjel, og anbefalast virkelig!

Denne helga har eg og Lille hatt besøk av søstra mi, det var kjempekos :) I tillegg har vi vore med på familiedag i borettslaget, med hoppeslott, natursti og skattejakt +++ :)Lille vant ei signert Brann-skjorte også :))
Deretter var vi inne i byen på Bergen Matfestival samt var ombord på ei flott gammal skute, Bounty, som kom heilt frå Amerika :) Så det har vore ein flott og innhaldsrik laurdag :)

I tillegg har eg fått ferdig den elektriske peisen min! Eg har venta på eit veggord, og i dag fekk eg den endelig :) Eg er svært nøgd med resultatet :)) Ikkje så lett å sjå flammane på bildene, men det ser veldig naturlig ut! Og den lager ei fantastisk stemning :)♥ I tillegg er det opptil 2000 watt varme eller du kan velge å berre ha på flammane :) Denne peisen er perfekt for leiligheiter som mi som ikkje har pipe :)


...Peisen slik den var ordinært:)
 Fin slik også,
men eg liker ikkje børsta stål lenger...



....Etter frk Åsnes har gått til angrep med bengalakk
og  veggord ;)

Kjære systemor har vore så snill å tatt utfordringa med å lage eit strikka trekk til ein puff som eg kjøpte på Finn for ei stund tilbake. Dette var ikkje noko enkel sak, men ho greidde det :)) Eg er sååå fornøgd, tusen takk Evelyn


Puffen har fått strikka-trekket på :))


NYdelig mønster!


Puffen ordinært :)
Kjempefin slik også, men fargen passa ikkje inn
 i mitt interiør... :)

Ønsker dere alle ei fortsatt fin helg, kos dere med dei som dere har kjær og grip stunda :)

Nattaklem frå frk Åsnes ♥

tirsdag 6. september 2011

Veggord-dilla

Hei hei :)

I dag fekk eg enda eit veggord i posten :) Eg får rett og slett ikkje nok... Men no ser eg at eg begynner å få plassmangel hehe :))

Tenkte å vise den nye til dere, men så kom eg på at eg kan jo like godt vise alle? Og etterkvart som eg knipsa innsåg eg at eg har utrulig mange! Jaja, dei er ein del av min personlighet,så slik får det bli ;)

Den nyeste wallstickersen :)
Syns den er såå fin!

Når eg malte veggen, malte eg over stickersen
og reiv den av ;)
Denne heng over sofaen:)



Denne heng over kjøkkenbordet:)



Over senga :)

På skatollet på soverommet:)


Døra til soverommet mitt :)



Døra til Lille :)



På ytterdøra :)


På vitrineskapet :)



På eine lista på kjøkkenet :)
Det står: Sjokolade er den største kjærligheten i livet



Enda ein på kjøkkenet :)
Det står: Kjøkkenet er husets hjerte


Til og med dolokket har fått ein ;)



Denne heng over senga til Lille :)



Denne heng på speilet i gangen :)



Ja det var alle mine tekster rundt omkring :) I tillegg har eg 'Get Naked' på dusjkabinettet ;)

Ha det fint så lenge, stor klem frå frk Åsnes :)♥

søndag 4. september 2011

Lenge sidan sist

God søndagskvelden alla i hopa :)

Håper dere har hatt ei fin helg, det har eg :) Egentlig så har eg omtrent berre sove.... Og det har vert såå deilig! Mulig eg burde hatt tett program og gjort masse 'Anita-ting' no når Lille var hos pappaen, men eg prioriterte å ladde batteria istaden. Og å sove er jo faktisk ein Anita-ting hehe ;)

Er lenge sidan eg har skreve her inne, det har rett og slett vert hektiske tider!
Må innrømme at det krever sin kvinne å begynne å jobbe(og i ein heilt ny type arbeid) etter 6 år.. :) Og å vere lærer er krevande, men samtidig så utrulig givande! Å jobbe med spesialundervisning er ei gåve tykkjer eg, hjelpe dei som treng det litt ekstra :)
Og å møte dei forventningsfulle ansikta kvar morgon er ein god følelse:) Sjå i ansikta til elevane at dei stoler på deg og har det bra i klassen, er fantastisk :)♥
Og eg kjem stadig meir inn i ting, no treng eg ikkje GPS lenger for å finne dei ulike lokala og eg bommar nesten aldri på etasjane hehe :)
Så eg kosar meg på jobb, og den er verdt å bli sliten og sove vekk heile frihelga for ;)

Det har ikkje blitt så mykje hobbysyssel i det siste, men eg har handla litt smådill ;) 


Nytt sinkhjerte :)



Skjønne skåler :)



To enda søtare skåler ;)



Stemning :)♥

Rosetreet mitt (eller snarare ei lita busk) har endelig blomstra, og rosene er nyydelige!

Love it:)

Er den ikkje nydelig?
Fantastisk farge og den dufter utrulig godt!


Ja det var litt frå denne kanten, eg skal prøve å ikkje la det gå like lenge til neste gang :)

Ha ein fortreffelig natt alle sammen,
stor nattaklem frå frk Åsnes ♥

mandag 22. august 2011

Hobbysysler :)

God mandagskvelden alla i hopa :)

Tenkte eg skulle samle litt hobbydill som eg har laga siste året, her i dette innlegget:)
Kanskje blir nokon inspirert også? Då blir eg gla :)

Første forsøk med transfer-ark:)
Teksten er:
'Life is beautiful
When I am with you'


Her har eg også brukt transfer-ark, og blondekant rundt:)
Teksten er
'Etter ein rangel' av Jakob Sande:)




Her har eg brukt bokstav-sjablong og tekstilmaling:)
Ps, bruk små svamper på pinne, det får dere kjøpt på hobbybutikker:)




Eit gammalt vaskebrett som eg har malt og
skreve på med stempel :)



Drivved som eg har grunna og stempla :)
J for min sønns forbokstav ♥



Eit gammalt Ikeabilde som eg har gjort litt meir spennende
og personlig preg på med stempel:)



Brun treramme som eg har malt og
pussa ned for å få ein slitt look :)


Brunt skrin som eg har malt og
pussa ned for slitt look :)



Mitt første etasjefat :)
Eg brukte toppen på ein krystall-
karaffel i mellom :)



Gamle soloflasker som har fått ny drakt :)



Fleire drakter :)




Ikealampe som er blitt pimpa ;)



Kjøkkenhandkle som eg har fresha opp :)
Har brukt bokstavsjablong og tekstilmaling:)



Heimelaga knekkebrød har fått plass
i eit koselig Norgesglass :)



Eit av mine kvisthjerter ♥
Aner ikkje kva tresort det er...



Tøykledd potte i mangel på skjuler :)



Eit av mine serviett-dekorerte lys :)




Julegåver 2010 :)
Dekorerte lys, fyrstikkesker og
heimelaga sjokoladegodis :)




Ja det var bilder av ting og tang som eg har laga :)
Mesteparten av inspirasjonen har eg funne via
som er heilt unik!!
Tusen takk alle dere som er aktive der inne,
som eg har fått så masse glede og inspirasjon fra ♥

Ønsker dere alle ein kreativ aften, stor klem frå frk Åsnes :) ♥