tirsdag 26. juli 2011

Gatene er fyllt av kjærleik...♥

Hei i natta

Dette har vore ein merkeleg dag... Fyllt av sorg og avsky, men samtidig håp, kjærleik og stoltheit..

Tårene trilla under Et Minutts Stillhet..Eg såg det på tv, og det var ei verdig og vakker markering. Heile landet sto stille, i tillegg til våre naboland. Hørte berre måsane, ellers var det komplett lydlaust...

Heile verden føler med oss, og er imponert over vår måte å møte denne tragedien. Istadenfor å sverge hevn svarer vi med roser i gatene..

‎"Lille fredfulle Norge viser verden hvordan man bør takle situasjoner som dette. Akkurat nå vil jeg rangere Norge som det største landet i verden, jeg har aldri sett noe lignende"

-Barack Obama
Dagen i dag trur eg har rørt heile jordkloden vår... Eg har deltatt ved fakkel/rosetoget i Bergen by, og eg er berre ein av mange hundre tusen som har vist si støtte ute i gatene rundt om i landet. Eg må berre sei at eg er ufatteleg stolt av å vere norsk i dag!! Eg har i etterkant sett minnemarkeringa frå Oslo, og er heilt stum av beundring.... Himmel for eit folkehav! Og når alle heva rosene sine samtidig, fraus eg nedover ryggen... Eg har aldri sett noko meir magisk!!
(Bilder frå Blomsterhavet kan du sjå her)


Vi er klar for å minnast dei som er gått bort...


Ved den Blå Steinen mandag

Og eg er så utrulig imponert over Jens og leiaren av AUF, samt kongefamilien. Det er fantastisk å sjå kor jordnære dei er og tørr å vise følelser saman med oss.
Ja eg seier det igjen, eg er utrulig stolt av å vere norsk og vere ein del av dette fantastiske samfunnet som vi har
Og Kronprinsen har virkelig rett når han seier at gatene er fyllt av kjærleik. Trur ikkje det kan seiast på ein finare måte!

Eg håpar at vi om ikkje altfor lenge greier byrje å fungere igjen, få tilbake kvardagen der ein gledar seg over ein deilig kopp te, smile over kafèbordet når ei venninne *kremt* sutrer over midjemålet som ekspanderer, eller er i ekstase over eit shoppingkupp... Det ser eg fram til.. Akkurat no følest det lenge til, men eg har trua på at den kjem snart...
Til dess, ynskjer eg alle ei fredfull natt med denne nydelege sangen til minne om alle dei som ikkje er blant oss lenger...


Angel med Sarah McLachlan ♥




Nattakos frå frk Åsnes ♥

1 kommentar:

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥