mandag 4. mai 2015

20 shades of grey?... Nyoppussa soverom :)

Hei!

Eg er kanskje i overkant glad i svale, lyse fargar og spesielt alle nyansar av grått :)
Og det ber leiligheita mi preg av, og no spesielt soverommet mitt :)
Eg trengte forandring, så satte igang ein voldsom maleprosess.
Eg har malt taket og to av veggane i ein lys lys gråtone, 
fondveggen bak senga i ein djupare grå, 
og golvet i ein mellomgrå farge :)

I tillegg har eg endra litt på interiøret 
for å få harmoni og forandring i rommet,
der eg blant anna har innslag av naturmaterialer :)

Her skal du få sjå litt bilder:



Eg har kjøpt meg eit King size myggnett på Ebay,
 som eg har hengt opp med 4 krokar i taket :)
Dette gir ein fin effekt syns eg!


In my crib ;)


Eg har trekt om sengegavlen min i eit sølvgrått velùrstoff,
 samt hamra inn spiker og limt på bling :)



Ein stige har fått nytt bruksområde,
og eg valte knall rosa ledning på lampa for litt kontrast :)



Min vakre draumefangar som flinke Ingrid har laga til meg
heng over senga :)



Kommoden har også fått knall rosa handtak :)




Details


Eg er stor fan av Audrey Hepburn ,
ei vakker, klok og talentfull dame :)



Details



Ein liten vakker krakk i naturmaterialer skaper kontrast :)




Denne stolen sto i stua før,
 passer fint på soverommet syns eg :)



Her har eg knytt opp nettinga, det gir ein vakker effekt  :)


Eg er kjempefornøgd med mitt 'nye' soverom,
det gir meg ro og kvile både for kropp og sjel :)

Og no er eg spent på kva Du syns :)


Ha ein strålande fin dag,



2 kommentarer:

  1. så flink du har vært .....ser veldig innbydende ut :-)
    og det viktigste er at du trives :-)

    klem tone

    SvarSlett
  2. Hege Blender Sivertsenmandag, mars 14, 2016

    Kjempekoselig!❤️❤️ Vil ha sånt myggnett, jeg og!��

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥