søndag 22. juli 2012

..Gatene er fulle av kjærleik♥ , eit år etter..





Så har det altså gått et årshjul sidan Norge blei forandra for alltid. Dei pårørande og etterlatte har vore igjennom si første jul, påske, og bursdager til sine kjære englar og venner som ikkje er her lenger..
Det har vert ein sterk og verdig markering tykkjer eg. Eg er fortsatt så uendeleg stolt over å vere norsk, og måten både våre folkevalte, kongehus og vi andre har svart på denne grufulle dagen.
..Men så er det nokre som eg ikkje er stolt av.. Desse trangsynte, utolerante, kort-tenkte nettheserane på Fb som ikkje tenkjer seg om før dei uttaler seg... 
..som ikkje klarer å sjå heilheita, vise empati og halde stygge tankar for seg sjølv. Eg kjenner eg blir opprørt, flau og lei meg..
..Kanskje der er eit rop om merksemd? At dei eigentleg er missnøgd med livet sitt, og fulle av bitterheit? Eg veit ikkje.. Men eg vel å tenke det, for eg kan ikkje skjønne at folk kan vere så stygge med sine medmennenske på ein slik dag..

Eg har køyrt frå Kinsarvik til Bergen i dag. På vegen har eg høyrt på minnemarkeringane på radioen. Eg måtte køyre seint, for tårene har stått i auga mine heile vegen.. Det er sterkt å ta innover seg all den smerta og minnene som igjen blir så sterke.. 
Eg tok meg sjølv i å klappe svakt etter talene til både Eskil Pedersen, Stoltenberg, og ikkje minst den danske statsministeren. Er sterkt å høyre korleis våre naboar og verden har opplevd Norge i tida etter..
Og det var så hjerteskjærande å høyre den jenta synge 'Hjerteknuser', då rant tårene..

Her er den:



Etter eg kom heim har eg sett på tv-sendingane, og ikkje minst på minnekonserten. Alldeles nydelig og verdig var den♥
Og utrulig mektig å høyre KORK sammen med rådhusklokkene, det var som alt sto stille...



Eg ønsker å avslutte med eit fantastisk kåseri av Are Kalvø, der han fortel kva hans venner meiner som er bra med samfunnet vårt. Dette er så fint og eg smilte gjennom tårene når eg høyrde det på radioen medan eg køyrde heim idag :)


Ting vi likar med dette samfunnet

Eg spurde vennene mine: Kva liker vi med dette samfunnet? Dette er noko av det dei svarte:


'Stemmeretten.
Den lange ferien.
At engasjement er lovlig og blir verdsett.

At bussjåførane helser med handa når dei møtest i kvar si køyreretning.
At det farligaste på hytta er hoggorm.
Velferdssamfunnet.
At det er ok å vere homo.
At 20-åringar kan komme inn på Stortinget.

At det finst ein organisasjon der du høyrer heime, nesten uansett kor sær du er.
Den nye jenta i klassen.
Turistar.
Kulturstøtte.
Frisk luft.
At det fungerer, stort sett.
Den kommande veka på yr.no.
At eg ein gong overhøyrde landets statsminister presentere seg slik på ein fest: «Hei, jeg heter Jens, jeg er broren til Camilla.»
At politiet vanligvis ikkje har våpen.
Den sosiale mobiliteten.
At dei gamle damene i vallokalet minner om dei som ein gong var eksamensvaktene våre, som om dei kjem frå same plass.
Den kurdiske herrefrisøren min.
Å ta ein utepils og sjå ein statsråd gå forbi i sine eigne tankar.

Pappapermisjon.
At stortingspresidenten er skogsarbeidar.
At ein av visepresidentane er t-banesjåfør frå Pakistan.
Den kommunale kinoen.
Godt vatn.
At det er lov å ha teite meiningar.
 
At eg ein gong møtte Gro Harlem Brundtland i snow jogs
i Rosenkrantz’ gate i Oslo.
 
At eg har lært å lese.
 
At folk med doble fornamn har det like artig på byen
som folk med doble etternamn.
At det blir inngått kompromiss, slik at alle får det litt som dei vil heile tida, men ingen får det akkurat som dei vil heile tida.
Utsira og Rømskog.
Å sykle rundt i byen, når som helst, kvar som helst.
At vi kan seie, skrive, tenke og meine kva vi vil. Høgt.
At det er gratis å føde på sjukehus, sjølv om du må bli der i vekevis.
At folk trur at det nok blir fint vêr i fellesferien neste år.
Innvandrarar med dialekt.
At folk som er noko ikkje skal tru at dei er det.
At eg våknar kvar dag utan frykt, berre med dumme bekymringar.
Valkampar der toppolitikarar står i hovudgater og på torg, og om eg ønsker det kan eg gå rett bort til dei og slå av ein prat.
Hausten.
At frosen pizza er blitt ein nasjonalrett.
At hjerta er større enn vettet.
At valkampbodene ser ut som ein stand for Husfliden.

At ungane våre ikkje må gå gjennom ein metalldetektor
før dei skal inn på skulen
Den norske ungdommen. Klokare enn vi veit.
At vi har barneombod.
At folk klagar på vêret, men så tek vi oss i det og blir litt flaue,
fordi vi veit at vi har det så godt.
 
At 93% av nordmenn leste ei bok i fjor.
Hurtigruten.
Lik rett til utdanning.
At utanriksdepartementet kan ha kronprinsen som DJ på julebordet.

Den gylne middelvegen.
At vi trur vi kan bli betre menneske av å gå fort på ski.
At folk samlar seg umiddelbart når noko er himmelropande feil.
At kongen har humor.
At alle har same muligheit til å lykkast, ta utdanning og bli det ein vil, uavhengig av kjønn, økonomi og bakgrunn.
At det aldri er langt til havet.
At kardemommelova til tider er viktigare enn grunnlova.
At folk skjeller ut kvarandre i ein tv-debatt, og deler drosje heim etterpå.

At då nokon demonstrerte under homoparaden med plakatar om å hamne i helvete, så smilte paradedeltakarane til demonstrantane, vinka til dei og tok bilde av dei.
At folk blir glade kvar gong sola skin.
 
At Subhan Shafiq (19) kan seie dette i eit intervju: «Pappa sa: Når du forstår hva Davy Wathne sier, da kan du norsk».
Den trygge barnehagen.
At alle frivillige som kastar alt dei har i hendene og gjer kva som helst for å hjelpe når noko alvorlig skjer, er heilt vanlige menneske.
At nasjonaldagen blir feira med barnetog, barneleikar og skulekorps.
 
At det finst mange parti å stemme på.
At du får hjelp, og at det er gratis.

At ein kan få plass i kommunestyret sjølv om ein trur
Youtube er eit hornorkester.
 
At politiske motsetningar stort sett er noko politikarar finn på
for at dei skal ha noko å gjere.

At det er så god tilgang på masse flott natur at eg nesten når som helst kan komme i kontakt med ei raudstrupe.
 
At det stort sett alltid går eit tog.

Og for min eigen del kan eg legge til: At eg har venner som liker alt dette.'
                                                                                                                                       Are Kalvø


Ta vare på kvarandre og vis toleranse og kjærleik
Livet er skjørt, så LEV kvar dag!



onsdag 11. juli 2012

I dette huset... :)

Hei hei :)

Idag fekk eg mitt ørtende veggord i posten:))
Klarte ikkje la være, eg rett og slett MÅTTE ha denne :)
Lurte veldig på kor eg skulle ha den, men syns den passa fint på denne veggen, for det er ganske så trangt og kan ikkje ha så mykje dill der :)

Det var litt styrete å montere den, eg har strie bak, og det var ein smule knot å få den til å henge.. Men det gjekk bra med litt tolmod :)

Teksten er fantastisk tykkjer eg, for det er akkurat slik det er, sjølv om vi er ein liten familie



Fargen er mørk grå :)







Eg tykkjer det blei bra:)
Kva syns du? :)




søndag 8. juli 2012

Shopping & Champagne i Køben!

Hei og god sommar alle sammen!

Eg og ei venninnne var i Køben søn-tors denne veka, og gjett om vi koste oss! Vi har ledd masse, spist deilig mat & drukke god vin, vert på 'Tivoli' (som var nydelig) og ikkje minst shoppa!!

Første dagen var vi på ein outlet litt utanfor Køben, og kom rett inn i eit Noa Noa- eldorado :))
Himmel og hav så mykje fint, og billig!! Det var opptil 70% av outletpris, og eit priseksempel var den kvite linkjolen det er bilde av litt lenger nede, den kosta 999,- heime i Norge, eg betalte 220 :))
Vi la sammen alle prisene i NOK og kom fram til at eg betalte ca 1900 kr for det som ville kosta ca 8000,- heime... Det er jo heilt vanvittig, så eg er svært nøgd ja ;)

Her kjem litt bilder:

Noa Noa-heaven :)
(Dette er litt av butikken)


Blir tørst av shopping ;)


Elsker denne kjolen!

Denne kåpa i 100% ull var også eit fantastisk kupp!
Betalte 450 kr for den, ord.pris var 1900 :D


Vi var også ein tur på Strøget,
og måtte titte innom Lois Vuitton just for fun ;)



Lov å drømme ;)


Ein kvil i soffen til LV er ikkje å forakte ;)


 Som sagt så var vi ein tur på 'Tivoli', og der fant vi ein fantastisk fin Lisbeth Dahl-butikk :))


Favorittbutikk :))


Umbrella-heaven :)
Ein av desse fekk lov å vere med meg heim ;)





Venninna mi sklir rett inn,
kanskje du skulle søke jobb her Elisabeth? ;))



Masse fint som dere ser :)
Og prisene mykje snillere enn heime ;)

Sjå desse nydelige lysekronene!
..Og dei kosta berre 1100 kr..
Gjett om eg hadde lyst å kjøpe ei.... :)




To veldig happy damer på vei heim med kofferten
 full av kupp og gode minner :))


Ønsker dere ein fortsatt flott sommarkveld