tirsdag 23. september 2014

...Svimete, eg?

Hei alle sammen :)

Idag blir det eit litt annleis innlegg enn vanleg..
Alt kan jo ikkje handle om interiør heller ;)

Eg set her i sofaen og veit ikkje heilt kor eg skal byrje.. 
Tusen tankar i hovudet,
 som skal formulerast på ein fornuftig og forståeleg måte...
For det er akkurat det dette innlegget skal dreie seg om... :)

Idag har eg fått ein bekreftelse og ei forklaring
på noko eg har mistenkt ei stund, og streva med heile livet.

Egentlig umulig å få auge på om ein ikkje veit om det,
eller er skolert på området.
Idag har eg fått vite at eg har diagnosen ADD.. 
ADD? Kva er det tenker nok mange, og med rette.
'Alle' har hørt om ADHD,
om 'desse ungane/vaksne som er hyper'. 
Men kva er ADD då?
 Det står for Attension Deficit Disorder,
som betyr oppmerksomhetssvikt. 
Du kan lese meir om det her.

Grunnen til at eg blei oppmerksom på at eg kanskje kunne ha ADD, 
var på eit kurs eg var på i forbindelse med at min sønn har ADHD. 
Når eg las symptoma tenkte eg berre 'Herregud, dette er jo meg...' 
Og no har eg altså fått det bekrefta.. Og for ein lettelse!!

Heilt sidan eg var lita har eg følt meg annleis... 
Dagdrømte konstant, både heime og på skulen. 
Sleit med konsentrasjonen og fokus..
 Aldri klart å lese instruksjonar eller løyse gåter.. 
Følge med og notere på samme tid??? Haha morsom du, utopi for meg...
Fekk stadig høyre i barndommen: 'Jammen du høyrer jo ikkje etter!!'
 Nei eg hørte ikkje etter, for tankane mine var over alle haugar.. 

Dårleg hukommelse, svimete, elendig på å gjenfortelle ting..
Det andre brukte ein time på (feks lekser)
 kunne eg bruke 5 timar på...
Ja eg kunne ha ramsa opp i bøttevis..

Eg har i vaksen alder lurt på
 om eg rett og slett er mindre glup enn andre,
eller om eg er tidlig dement... 
For det går jo søren meg ikkje an å vere så svimete?
Men jau det gjer visst det...
Og ja det har gått hardt ut over sjølvkjendsla frå eg var liten,
... 'kva er det med meg?'...

Etter eg kom ut frå VOP idag 
så var det akkurat som eg såg livet mitt i revy,
 men med ADD-briller på.. 

Kva om det hadde blitt oppdaga når eg var liten? Ungdom?
I grunnskulen, ungdomsskulen, gymnaset, yrkesfag, i læretida?..
Korleis ville oppveksten og livet mitt sett ut idag då?

Ville livet mitt blitt heilt annleis 
om eg hadde blitt fanga opp og fått hjelp og evt byrja på medisin?

Eg tenkte også på alt eg har opplevd gjennom snart 39 år.. 
Ja eg har streva med konsentrasjon og fokus,
 brukt enorme krefter på å få ting med meg,
 vanvittig mykje tid på lekser og å få 'ting inn i knollen' ...
Og eg har vore vettskremt for å ikkje lykkast 
med det eg har foretatt meg oppigjennom..

Det har vore angst, uro, redsle for å ikkje vere god nok,
 kunne nok, vite nok...

MEN samtidig så tenker eg at dette har gjort meg til den eg er idag! 
Ja eg har hatt mange utfordringar som kanskje ikkje alle andre har,
 men motgang gjer ein sterk, er det ikkje så?..

 Eg har fighta og kjempa, ramla ned og og kravla meg oppatt... 
Eg trur staheita i meg har redda meg,
 ein krigar som ikkje gir seg på tap..




...Og så kan eg jo nevne at eg er høgsensitiv i tillegg, 
ein skikkelig killerkombo haha :D
Det kan du lese meir om her.

Eg er heldigvis utstyrt med ein god porsjon sjølvironi, 
eg trur det har redda meg oppigjennom, på fleire måtar. 
Det å kunne le litt av seg sjølv og bruke humor 
trur eg er ein god eigenskap med denne diagnosen :)

Når eg har nevnt for vennar av meg at eg mistenkte at eg har ADD, 
så sa mange av dei berre 'Hæ? Du?' 
Ja kvifor ikkje meg?
 Føler kanskje at denne gruppa er ein smule stigmatisert, 
og det blir så feil! 
Dette kan ramme alle, det er medfødt!
Og eg må virkelig sei at eg syns synd på dei 
som går gjennom livet med ADD/ADHD og ikkje får greie på det.. 
Husk det at det er ikkje noko gale med deg,
 det har ingenting med intelligens å gjere,
 du er ikkje skulesvak,
 du har berre ein koblingsfeil i hjernen ;)



Så kvifor skriv eg dette? 
Kvifor utleverer eg meg på denne måten? 
Hadde det ikkje gagna meg meir å berre vere stille 
og ikkje la folk vite om det?
Skal eg vere flau?
 Skamme meg?
NEI!

Kvifor skal eg tie ihel noko som er ein del av meg? 
Det har no blitt folk av meg også,
 god utdannelse har eg også klart å få meg.. :)
Nei eg vel heller å vere stolt over den eg er
og korleis livet mitt har blitt.
Det har kosta blod, svette og tårer, men det er verdt det!


                                                               



mandag 15. september 2014

Personleg gåve :)



Hei i seine kvelden!

I går var eg invitert i ein 40-årsdag 
og måtte selfølgelig finne ei fin gåve :) 
Hadde kjøpt eit deilig ullteppe, 
men hadde lyst til å gjere gåva litt meir personlig :)
Funderte ei stund på kva eg skulle finne på, 
og plutselig poppa det opp ein idè!
Så eg pilte på næraste garnbutikk 
og kjøpte ein ull-tovetråd i lilla.
Filtnål hadde eg frå før, 
så då var det berre å hoppe i det 
og håpe på det beste :)
..Og eg syns det blei ganske vellukka, 
for jubilanten blei vertfall veldig glad :))


So far so good!

Eg tover altså tråden inn i teppet med denne spesialnåla :)


Ferdig!


No håper eg berre den flotte 40-åringen får mykje glede av teppet, 
som det berre fins eit av i heile verden :)



mandag 8. september 2014

'Like bra brukt', NIB- utfordring september



Hei!

NIB (Norske Interiørblogger) 
si septemberutfordring  
er å vise fram bruktfunn, 
som er 'like bra brukt' :)
Denne utfordringa passer meg midt i blinken, 
sidan mykje av mi leiligheit 
nettopp er fyllt opp av møbler og interiør 
som eg har funne for det meste på Finn.no :)
Eg elsker gjenbruk, 
og tykkjer det meste er endå betre brukt!

Noko har flytta inn slik det var kjøpt, 
medan eindel er pussa opp og fått eit nytt uttrykk :)

Her kjem bilder av stua mi samt eit bilde av terrassen:



Sofa/puff frå Bolia (her sparte eg 21000 kr (!)
Teakbord (malt og lagt på drivved-tapet)
Gyngestol (malt kvit)
Puff
Stålampe

Alt kjøpt brukt på Finn.no 

Skjenk (malt lys grå)
Stereobenk i teak (malt kvit)
Gammal brunslitt stol
Klokke

Alt kjøpt brukt på Finn.no

Spisegruppe i kvitvaska eik frå Living
(beisa med kvit kalkbeis og patinagrå beis)
Stolene er trekt om med kjøkkenhandklede
                              Kjøpt brukt på Finn.no


Knag-sofa
Bord
Gyngestol
Låvedør

Alt kjøpt brukt på Finn.no

Kvit stol
(redda frå containerdøden)

Brukte ting fortel ei historie, har meir sjel og ein kan spare masse penger på å dykke inn i bruktmarknaden :)



Dette var mitt bidrag i denne konkurransen, 
du kan sjå fleire flotte bidrag her :)