tirsdag 26. november 2013

Overraskelse i posten! :)


God novemberkveld!

Når eg kom åpna postkassen min idag låg der ein pakke :) 
Hmm tenkte eg, for eg kan ikkje hugse å ha bestilt noko?..
Opna opp og der fant eg ein superfin termokopp, 
ein 'kjærleik på staur' samt ein lapp :)
Kjempekoseleg å bli sett slik pris på, 
det varma etter ein ganske så hektisk dag :)
..Men kven er den 'glade lesaren' tru? 
Merka eg er svært nyskjerrig ;)
Men uansett, om du les dette 
du som har gitt meg denne kjekke gåva; 
TUSEN TAKK, you made my day! 









Igjen, tusen takk du skjønne lesar av bloggen min 
som ga meg denne flotte presangen!

Ha ein strålande fin kveld,


søndag 17. november 2013

Vinnarane av Give Away frå Tante Bolette!

God søndagskveld kjære alle sammen!
No har eg trekt ut dei fem heldige vinnarane 
som får ein bunke med nydelige kort 
og gåvelappar frå Tante Bolette :)

Trekninga gjekk føre seg slik:
Eg skreiv opp alle lodda og namn på dei som var med, 
klipte ut lodda og la dei i ei skål. 
Så lukka eg auga og trakk ut fem lodd. 
Og voila!



Lykketala :)


Dei fem heldige er:

                             *Jannicke 
                             *Anne
                             *Karin
                             *Linn Therese
                             *Mona Beate


GRATULERER så masse damer! 
Dere vil få pakke i posten om ikkje lenge :)




Dere som dessverre ikkje vant-
fortvil ikkje! Det er fullt mulig 
å bestille dei flotte korta og gåvelappane 
via fb-sidene til Tante Bolette og Allmuen , 
Henriette hjelper dere gjerne :)

Ha ein strålande fin kveld,



søndag 3. november 2013

Give Away frå Tante Bolette!

Hei kjære alle som er innom Draumehjerte! 

Eg har lenge tenkt at det hadde vore kjekt med ein ny Give Away, og denne gongen har eg gleda av å vere sponsa av eit lite nyoppretta firma frå ytre Sunnfjord, som heiter Tante Bolette.


"Tante Bolette DA vart til ein vakker seinsommarsdag i 2013. 
Inspirasjonen kom til oss med den fantastiske samlinga 
av kort og foto som vår grand-grandtante Bolette 
hadde opparbeid seg gjennom eit rikt liv kring 1900-talet.
I bakgrunnen på fleire av korta våre
 kan du skimte handskrevne kort og historier til og frå Bolette,
 nokre har vi funne skriftleg og andre er gjenfortalde 
i generasjonane fram til oss.
 Når nettsida vår kjem i 2014 skal de få 
lære meir om Tante Bolette og livet hennar."











Er dei ikkje nydelige? 


Dere får kjøpt korta hos Allmuen Kafè & Interiør, ynskjer du å få dei tilsendt så ta kontakt med hærlige Henriette 
som driv denne fantastiske kafèen :)
Tante Bolette ynskjer seg også mange forhandlarar rundt om i landet, kunne du tenke deg å selge 
desse vakre og unike korta og gåvelappane, 
ta kontakt på post@tantebolette.no






Har du lyst til å vere ein av dei fem heldige vinnarane som får ein bunke med vakre kort og namnelappar?
Her er det du må gjere:


♥  1 lodd for å 'like' Fb-sida til Tante Bolette
♥  1 lodd for å bli følgjar her inne på Draumehjerte/
       'like' Fb-sida til Draumehjerte
♥  1 lodd for å dele link til Give Awayen på Fb-sida di/bloggen din

Legg igjen kommentar på dette innlegget med kva lodd du tar, 
navn og mailadresse :)



Trekning blir søndag 17.november :)



Lykke til!!


søndag 13. oktober 2013

Søndags-syssel :)



Hei hei!

Det har vore eit fantastisk nydeleg veir idag, og varmt!
 Så då fekk eg ånden over meg til å pusse opp litt småting 
som har lagt på vent ei stund :)

Eg og ei veninne gjekk på tur i fjellet tidleg i vår, 
og då kom vi over nokre gamle skodder som låg ved sidan av ei hytte. Vi spurte om vi kunne få to av dei, og det gjorde vi!
I tillegg så har eg fått ein puff av ei snill naboveninne, 
som ho sa hadde vore med i ein Varg Veum film :)
Husker ikkje historia bak, men arti lell ;)
Eg syns vel kanskje den trengte ei oppgradering, 
vertfall for å passe inn i heimen min, så eg har gjort ein liten makeover av den også :)


FØR


Typisk meg så er eg så ivrig når eg først er igang at eg gløymer å ta før-bilder, samt bilder undervegs... Så her er altså krakken ferdig malt, og eg er klar for å skifte trekk :)


Krakken har fått ein sval gråtone :)



Klar til stifting :)


VOILÀ


Her skal den få stå :)

Så var det skodda sin tur :) 
Her ser dere fargen den hadde før, ein mosegrøn farge. Ikkje heilt min stil, så eg har valt ein gråblå farge :)



Her ser fargen kvit ut, men den er blå ;)


Ferdig!


Syns den passa fint på terrassen :)





Eg er nøgd med dagens oppgraderingar, kva syns du? :)



torsdag 26. september 2013

'Gull av gråstein' :)

God morgen kjære alle!


Forige helg var eg ein tur heim til Sunnfjord, 
og lukka var stor når eg fekk ein gammal øydelagt varmeovn 
av bestemora mi, som hadde stått på eit kott i årevis :) 
Eg tykkjer desse er SÅ tøffe, 
og eg har sett mange som har gjort dei om til lamper. 
Eg ante ikkje korleis eg skulle gjere det, 
men eg likar utfordringar, så tenkte som Pippi: 
'Dette har jeg ikke gjort før, så det kan jeg helt sikkert' ;)

Det var vore mange humpar undervegs, 
men eg er veldig fornøgd med resultatet!

Her kjem før/etter -bilder:





Ovnen hadde sett sine betre dagar ja....






Her har eg skrudd av botnen, 
og der var det mykje grums og skitt!
Var eit styr å få løsna innmaten, skruane var rusta 
og ikkje enkelt å komme til... 
Men etter iherdig innsats så gjekk det ;)



Her har eg brukt kromrens, ei tube eg kjøpte på Clas Ohlson.
Den funka som ei kule, det blei kjempeblankt og fint!

Eg lurte lenge på kva farge eg skulle bruke på ovnen, 
først så tok eg eit strøk med kvitt, men syns ikkje det blei fint.. Har så mykje i den fargen frå før, og eg ønska at den skulle skilje seg ut litt meir frå det andre interiøret. Så då blei det ein lys grålilla, den samme som eg har på fondveggen i stua :)
Sidan eg brukte interiørmaling så spraya eg eit strøk 
med klarlakk oppå, for å få ein blank finnish 
og det er lettare å halde den rein :)

Når det gjeld sjølve lyset i ovnen, 
så har eg kjøpt ein lampeledning med dimmar
 og vanleg lyspære på Clas Ohlson som ligg inni  :) 

Eg såg(etter eg hadde skrudd den saman og lampeledninga var på plass)at fargen inni ovnen viste veldig godt... Så då var det berre å demontere den igjen og male innvendig også...
Skal ikkje vere enkelt ;)


...Men her er altså resultatet:



...Ser at eg må skrape litt maling av krom'en... ;)


Lurte på kor eg skulle plassere den nye fine lampa mi, 
men syns den passa fint her :)


Dette bildet tok eg i gårkveld, blei kjempefin stemning av lyset syns eg :)


Etter eg starta på blogginnlegget så kom eg på at eg 
har ein wallsticker eg ikkje har brukt, 
som kanskje kunne vere fin på ovnen. 
Så eg rota den fram og klistra den på :)




Ja kva syns du? 
Var den finast med eller uten wallsticker på? :)


Eg håpar du blei litt inspirert til å kanskje gjere noko liknande sjølv, der er mange gamle ting som kan få nytt liv 
og bli noko heilt anna og unikt :)
Og ein treng ikkje vere spesialist på området,
 eg hadde aldri gjort dette før, eg prøva og feila 
heilt til eg fant ut av det :)

Ynskjer deg ein strålande fin haustdag, 
her skin sola frå skyfri himmel :)

Take care,

søndag 15. september 2013

Haust på soverommet :)

God søndagskveld!

Idag har eg latt hausten sleppe inn på soverommet mitt :)
Tykkjer det er kjekt å markere årstidene i både interiør og tekstilar, og soverommet er intet unntak :)

Eg har valt ein mørk beige tone, både på gardinene og sengetøyet.
Ikveld har eg i tillegg tent masse lys, det høyrer hausten til!

Og i dag har det vore skikkeleg hauststorm her på vestlandet, vinden ular rundt nåva :)













Elskar levande lys :)







I kveld blir det godt å legge seg, i reint vakkert sengetøy 
og med masse stemningsfulle lys, 
medan vinden ular ute :)


Take care,

søndag 1. september 2013

Hausten er her!




Hei kjære alle saman!

Oj oj no er det frykteleg lenge sidan sist, godt å vere tilbake i bloggverda :)
Eg har hatt ein kjempefin sommar, der eg har besøkt vennar og familie og kosa meg med min vesle skatt :)

Men no er nok sommaren over, idag er det eit voldsomt regnveir og haustfølelsen er over meg iallefall :)
Og då føler eg for å forandre litt i interiøret, vekk med søte pastellar og fram med litt mørkare tonar :)

Her er litt av det eg har gjort for å markere at vi går inn i ei tid der lufta blir skarpare, kveldane mørkare og koseteppet kjem fram :)





Happylights gir den rette stemninga :)


Kloke ord <3


På tide å finne fram varme gode skjerf igjen :)


Veldig glad i desse perlehjertene frå Kremmerhuset :)



Kos :)


Får ikkje nok av levande lys :)


<3

Fuglehuset mitt :)


Elskar denne koppen frå Mugtail :)



Eg tykkjer tekstilar er ein fin måte å endre uttrykk på og markere årstider, så her kjem ei knippe med nye puter :)



Min nye favoritt!
Ei fantastisk tøff pute, akkurat passe slitt :)
(Frå Bohus)

Finaste revepusen :)
Dette er Joacim si pute, han digger den :)
(Frå Kremmerhuset)

Ska tru kva denne karen tenkjer på? :)
(Frå Barfota)


Når eg ser på denne så lengtar eg ned i fjæresteinane <3
(Frå Barfota)


Voilà!
Ja her ser dere korleis det ser ut i stova mi no, 
etter eg har invitert hausten inn :)
Manglar litt blomstrar, dei skal eg kjøpe i morgon :)



Har du markert innmarsjen til hausten i din heim? 

Ynskjer deg ein koselig kveld,