Dette innlegget vil eg dedikere til ei dame som har satt sine spor hos meg over fleire år, Björg Thorhallsdottir :) Ho er ein fantastisk billedkunster og forfattar med eit heilt spesielt uttrykk i bildene sine. Bildene treffer deg rett i hjertet, og ho har laga bilder av alle faser ein går gjennom i livet; glede, sorg, forelskelse, kjærleik, gleden av å få barn, lengsel, mot, drømmer, ja det meste!
Det som eg tenker er grunnen at bildene gjer slikt inntrykk(utanom at dei er vakre), er at denne nydelige dama sjølv har vert igjennom mange tøffe tak og sterke opplevingar på godt og vondt... Uttrykka hennar blir så ekte, og du merker sjela i bildene. Det er så lett å kjenne seg igjen, og eg er heilt sikker på at bildene til Björg kan vere vel så god terapi og motivasjonsfaktor for mange, som andre behandlingsformer..
Det er som sagt nokre år tilbake eg fekk auga opp for denne fantastiske kunstnaren, eg såg eit av bilda ho har laga i eit dameblad, og spora kjapt opp galleriet hennar, via nettet.
Eg har også tatt tøffe avgjerdsler i mitt liv for ei stund tilbake, og då fant eg stor styrke i bildene til Björg.. Eg har lest opp tekstene for meg sjølv mange ganger og funne stor styrke i det.
Dette bildet betyr enormt mykje for meg :) |
Ho satt og signerte bøker, og eg fekk ein liten prat og mange varme klemmer :)Makan til hjertegod og hærlig jordnær dame skal ein leite lenge etter!
Eg er sikker på at Björg er ein engel plassert her på jorda for å hjelpe og spre godhet og varme til dei som trenger det :)
Ho ER bildene sine, og ein vakker person fra innerst til ytterst. Eg høyrest sikkert litt forelska ut hehe, men det er umulig å ikkje bli betatt av denne fantastiske personligheita :)
Smil! :)) |
Jippi, signert bok :) |
Litt seinere holdt Björg eit fantastisk foredrag om Mot, som traff både meg og eg tipper alle dei andre som var der og hørte på,rett i både hjertet og sjela. Det handla om å ha mot til å leve slik ein ønsker og gripe livet med begge hendene! Ho fortalte eindel om seg sjølv og sine opplevingar på godt og vondt, og det gjorde sterkt inntrykk! Sjølv om det var alvorlige tema, så spedde ho i masse humor og glede :)
Eg viser dei bildene som ho viste i foredraget, alle har ei historie, men det blir veldig langt innlegg om eg skal forklare alt... SÅ eg anbefaler virkelig å kjøpe boka som heiter Björgs Univers, den er fantastisk!! Her er det masse masse bilder som ho fortel bakgrunnen til, og ein får ei unik reise i Björg sine opp- og nedturer.. Denne flotte dama gir virkelig av seg sjølv ♥
Björg er igang :) |
Ho fortel med stort engasjement :) |
Idéen om å feire dei døde blei til då Björg mista sin eigen mann for seks år sidan. Hun ønska å lage ein spesiell markering slik at hennar sønn Thorhallur skulle kunne minnes sin pappa. Dette er etterkvart blitt eit stort arrangement, og i år skal det vere blant anna i Bergen også. Det skal eg få med meg, og oppfordrer alle andre til å delta :)
Sjå gjerne denne lille filmen under, der Hans Erik Dyvik møter Björg i Lykkehaven og dei snakker om Hjertefred :)
Ps, ha lommetørklet klart, for sjansen er stor for at tårene kjem fram i augekroken ♥
Link til heimesida til Björg finn du her, anbefaler virkelig å ta ein titt! Ho har også ei Facebookside, her kan du besøke den :)
Så Björg, tusen takk for at eg fekk møte deg, håper vi sees igjen ein gang :) Og eg gleder meg til å sjå fleire av dei hærlige bildene dine:)
Ha ei nydelig natt alle sammen,
stor varm klem frå frk Åsnes♥
stor varm klem frå frk Åsnes♥