Viser innlegg med etiketten Tekstiler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tekstiler. Vis alle innlegg

mandag 15. september 2014

Personleg gåve :)



Hei i seine kvelden!

I går var eg invitert i ein 40-årsdag 
og måtte selfølgelig finne ei fin gåve :) 
Hadde kjøpt eit deilig ullteppe, 
men hadde lyst til å gjere gåva litt meir personlig :)
Funderte ei stund på kva eg skulle finne på, 
og plutselig poppa det opp ein idè!
Så eg pilte på næraste garnbutikk 
og kjøpte ein ull-tovetråd i lilla.
Filtnål hadde eg frå før, 
så då var det berre å hoppe i det 
og håpe på det beste :)
..Og eg syns det blei ganske vellukka, 
for jubilanten blei vertfall veldig glad :))


So far so good!

Eg tover altså tråden inn i teppet med denne spesialnåla :)


Ferdig!


No håper eg berre den flotte 40-åringen får mykje glede av teppet, 
som det berre fins eit av i heile verden :)



søndag 15. september 2013

Haust på soverommet :)

God søndagskveld!

Idag har eg latt hausten sleppe inn på soverommet mitt :)
Tykkjer det er kjekt å markere årstidene i både interiør og tekstilar, og soverommet er intet unntak :)

Eg har valt ein mørk beige tone, både på gardinene og sengetøyet.
Ikveld har eg i tillegg tent masse lys, det høyrer hausten til!

Og i dag har det vore skikkeleg hauststorm her på vestlandet, vinden ular rundt nåva :)













Elskar levande lys :)







I kveld blir det godt å legge seg, i reint vakkert sengetøy 
og med masse stemningsfulle lys, 
medan vinden ular ute :)


Take care,

søndag 1. september 2013

Hausten er her!




Hei kjære alle saman!

Oj oj no er det frykteleg lenge sidan sist, godt å vere tilbake i bloggverda :)
Eg har hatt ein kjempefin sommar, der eg har besøkt vennar og familie og kosa meg med min vesle skatt :)

Men no er nok sommaren over, idag er det eit voldsomt regnveir og haustfølelsen er over meg iallefall :)
Og då føler eg for å forandre litt i interiøret, vekk med søte pastellar og fram med litt mørkare tonar :)

Her er litt av det eg har gjort for å markere at vi går inn i ei tid der lufta blir skarpare, kveldane mørkare og koseteppet kjem fram :)





Happylights gir den rette stemninga :)


Kloke ord <3


På tide å finne fram varme gode skjerf igjen :)


Veldig glad i desse perlehjertene frå Kremmerhuset :)



Kos :)


Får ikkje nok av levande lys :)


<3

Fuglehuset mitt :)


Elskar denne koppen frå Mugtail :)



Eg tykkjer tekstilar er ein fin måte å endre uttrykk på og markere årstider, så her kjem ei knippe med nye puter :)



Min nye favoritt!
Ei fantastisk tøff pute, akkurat passe slitt :)
(Frå Bohus)

Finaste revepusen :)
Dette er Joacim si pute, han digger den :)
(Frå Kremmerhuset)

Ska tru kva denne karen tenkjer på? :)
(Frå Barfota)


Når eg ser på denne så lengtar eg ned i fjæresteinane <3
(Frå Barfota)


Voilà!
Ja her ser dere korleis det ser ut i stova mi no, 
etter eg har invitert hausten inn :)
Manglar litt blomstrar, dei skal eg kjøpe i morgon :)



Har du markert innmarsjen til hausten i din heim? 

Ynskjer deg ein koselig kveld,











torsdag 21. februar 2013

Nye stoltrekk :)

Hei hei :)
 
Idag har eg skifta trekk på spisebordstolane mine :)
Dei eg hadde var blitt flekkete, og eg var ganske lei
av det motivet som var på...
Så eg har kjøpt fem forskjellige tøystykke (Tilda) frå Panduro :)
Elskar dei nydelege fargane og mønstera,
minner meg litt om GreenGate :)
 
Her er resultatet:
 
 


















 
Eg syns det blei fresht og vårleg, og gøy med ulike motiv :)
 
Kva syns du? :)



tirsdag 28. august 2012

Endelig!


God tirsdag kjære alle dere som følger Draumehjerte♥

Eg har leeenge hatt ein idè om å lage til eit forheng framføre garderobeskapa mine på soverommet. Grunnen til dette er at eg måtte sette inn eit ekstra skap for å få plass til alt hobbystasjet mitt som var stua overalt! Då det var på plass såg det ikkje så veldig pent ut syns eg, så då måtte eg finne på noko ;)

Så i vår kjøpte eg inn skinner som skal festast i taket, og fekk min bror til å gjere den jobben for meg:) Så kjøpte eg inn ferdigsydde knytegardiner(på Jotex.no. Dei klipte eg av, og tråkla på hempeband for hand (puh)slik at eg fekk festa dei på skinna :)Eg måtte ha fire lengder, er 4 meter lang vegg. Høgda på veggen er akkurat 2,5 meter, så eg slapp å legge dei opp heldigvis ;)

Var mykje styr og stell undervegs, men eg er såå fornøgd med resultatet!



FØR
 
 
ETTER!
 
 

Kvitt & harmonisk :)
 



Ein fin liten detalj♥
 
 

Deilig å kvile augene på når eg skal sove :)

 

Eg er kjempefornøgd, kva syns du? :)



onsdag 18. januar 2012

Nye tekstiler i stua :)


Hei igjen alle ♥

Etter ein har tatt vekk jula følest det ofte litt tomt rundt omkring! Så eg bestemte meg for å kjøpe litt nytt stasj og blomster:)

Her er nokre bilder:



Nye puter frå HM Home :)



Superkule spør du meg ;)



Ein ny kvit og mjuk langhåra pels :)



..Og ein grå korthåra deilig pels i soffen :)



Her koser eg meg :)♥



Ein av dei nye store flotte orkidèane
eg har kjøpt meg :)



Det fine trekket eg vant hos Line
saman med nydelige lerkekvister :)

Ja det var litt bilder fra vinterstua mi,
ønsker dere ein fortsatt fin januarkveld!♥

onsdag 12. oktober 2011

Kvardagsgleder :)

Tittei :)

Jammen er det godt med litt fri :)) Berre slappe av, senke skuldrane og kose seg :) I dag har eg og Lille vert på ei lita shoppingrunde, blant anna på Ikea:) Lille ELSKER å vere i ballrommet der, så da måtte Mor finne på ærend for å tusle rundt der ei stund, blant anna kjøpe mange fleire små-speil ;) Middagen blei også spist der, min skjønne sønn MÅTTE ha raspeballer til middag, og det får ein jo der ;)
Etter han hadde fått hoppa ifra seg, tok vi turen innom Living :) Der falt eg fullstendig for ei stjernepute, og den har fått plass i den fine gyngestolen min :)

Puta er på plass ♥




Ein koselig liten detalj :)

Ja det var eit bittelite innlegg fra meg, no skal eg nyte ein deilig kopp te & litt mørk sjokolade før ladeboksen kaller :)

Ønsker dere alle ein fortsatt fin kveld,
god klem frå frk Åsnes ♥

onsdag 21. september 2011

Nye puter :)

Tittei!

Eg er berre ein kjapp tur innom for å vise dei nye tøffe putene mine som eg fekk i posten i dag:)
Desse er fra HM Home, og eg syns dei er berre heilt bedårande :))
Passer godt no til hausten!










Er dei ikkje søte?? Eg blir rett og slett i godt humør av å sjå på dei :)

Nei no må eg gjere meg klar, skal ut å spise med teamet i kveld :))

Ha ein fortsatt flott dag, varm klem frå frk Åsnes ♥