Viser innlegg med etiketten Strikkeprosjekter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkeprosjekter. Vis alle innlegg

tirsdag 2. oktober 2012

Juhuu! Strikketeppet er ferdig :))

Hurra!

Endelig er lappeteppet mitt ferdig :D
Det har tatt si tid, men så er gleda enda større når ein er i mål og nøgd med resultatet:))

Eg var litt usikker på kva mønster eg skulle sy det sammen i, men landa på ruter :)
Og så fekk eg eit godt tips om å hekle ein kant rundt med fastmasker, slik at det betre held fasongen og det ser penare ut :)

Så her er teppet mitt, kanskje du liker det du også? :)




Her ser dere heklekanten rundt :)



Det blei kjempestort!
 


 
Kos ♥
 



Både eg og min vesle skatt♥ koser oss veldig
under dette teppet,
 det er såå varmt, mjukt og deilig i haustmørket :)
 
Ønsker dere ein fin oktoberkveld,

 


søndag 9. september 2012

På tide på tide å ta fram att strikkepinnane! ;)

God septemberkveld :)

I februar i år så begynte eg med stoor iver å strikke eit deilig mjukt lappe-koseteppe :)
Sjå blogginnlegg her. Dette holdt eg på med lenge, heilt til det berre sa STOP.... Mulig det var fordi våren var komt, og eg er ein typisk 'haust-strikkar';) No har eg funne det fram att, må få det ferdig før kulden setter inn ;)


 
 
 

Fortsatt eindel att, og ikkje minst monteringa, puh!
 
 

Eit fantastisk deilig garn; ull og alpaca :)


...TO BE CONTINUED...
 
 
 
 
Likar DU å strikke? :)





tirsdag 28. februar 2012

Pusterom :)

God tirsdagskveld :)

Juhuu det er deilig med vinterferie! Eg har ein fantastisk givande og hærlig jobb, men også krevande:) Så kjente på både kropp & sjel at ein avslappande pause ikkje var å forakte :)
Min lille skatt er på ferie på fjellet sammen med pappafamilien, og koser seg masse der:)
Så Mor er åleine denne veka, og kan ha Anita-tid :)
Høyrest sikkert voldsomt ut, men innrømmer gjerne at det er godt å ha slike pusterom innimellom :) Eg trur ein blir både ein betre arbeidstakar og mor av å få samle ny energi åleine og glede seg til kvardagen igjen når 'pausen' er over :)

Idag har eg vore i byen ein tur! Bur nært, men kan ikkje hugse sist eg var der... Så det var deilig å sprade rundt i duskregnet og nyte tilværelsen :) Eg har vore på ein lang og koselig lunsj med ei venninne eg ikkje har sett på lenge, såå kjekt! Skravla gjekk, og timane like så ;) Deilig å ikkje måtte tenkte på tid og berre 'go with the flow' :)

Så har eg vert på 'Strikkeloftet' og kjøpt meg masse nydelig mjukt garn som eg skal strikke eit stort koseteppe av :))

Nydelige farger syns eg :)♥




Når eg ein sjelden gang er i byen så liker eg å 'skjemme' meg sjølv bort med deilig handlaga konfekt, som er kjøpt på ein liten skjønn butikk på Galleriet:) Her kan du bestemme sjølv kva bitar du vil ha, og den smaker heilt fantastisk!





Så no skal eg kose meg med ein deilig kopp te, nyte konfekten og sjå Fruene på tv :)♥


Ha ein vedunderlig kveld, 

lørdag 25. februar 2012

Puff med vri :)

Hei i kvelden :)

Ja då er puff nummer to ferdig!

Oppskrift:
Denne gangen har eg brukt eit tjukkare Dalegarn som heiter Hubro, og strikka med rundpinne, str 10:)
Og så har eg laga den litt mindre; 40 masker og ca 120 cm lang :)

Du strikker fram og tilbake og syr kort-endane saman til slutt. Så snurper du sammen eine enden, fyller den med dyner, puter etc og snurper sammen andre enden også :)
HER finner du oppskrift på Puff Daddy fra Pickles :)

På denne puffen har eg i tillegg eksperimentert litt! Eg har fresha den opp med skrift, som er tråd eg har limt på med tekstil-lim:)

Denne skal eg ha på soverommet :)


Eg syns den blei tøff, kva syns du? :)


Ha ein fortsatt deilig laurdagskveld,

lørdag 18. februar 2012

Strikkepuff :)

God laurdag!:)

For litt over ei veke sidan var eg inne på bloggen til Sissel Astrid og såg den tøffe puffen som ho har strikka :) Dette såg frykteleg avansert ut, og tenkte at aldri verden om eg greier noko slikt! Eg er som sagt ikkje eit strikkefantom, kan kun dei heilt grunnleggande tinga :) Men Sissel meinte at dette skulle no eg også greie, og etter masse coaching frå henne var eg igang ;)

Og det var jo faktisk ikkje så 'ille gæli', eg la opp 60 masker (med dobbel tråd) og spøta (som søstra mi seier ;) ca 1,5 meter att og fram. Brukte rundpinne nr 8 i str. Så sydde eg endane saman, og snurpa den først på eine enden. Deretter stappa eg oppi ei dobbeldyne og ei enkel (!) og snurpa saman andre enden også :)

Men gu nåå meg kor eg knota når eg holdt på haha:)) Tråden slitna fleire gongar når eg sydde ihop endane (litt for mjuk tråd...)
Og slitna også TO gongar når eg snurpa att puffen etter dynene var på plass. Eg hadde då prøvd fleire trådtypar, og brukte til slutt dobbel tråd på forsøk nr 3, og DÅ gjekk det ;)

Eg er veldig fornøgd med resultatet, syns den matcha fint med soffen, er nesten heilt lik i fargene :)
Eg planlegger å lage fleire, for syns dei er så fine! Lille ønsker seg ein blå, og eg har lyst å ha ein på soverommet :) Kanskje eg tørr å bruke ein sprek farge då? ;)Men denne str er ganske så stor, så lager kanskje ein litt mindre :)

Her skal dere få sjå resultatet:





Her ser dere fargane :)




Ja kva syns dere? :)

Ha ein flott laurdag!


torsdag 9. februar 2012

Strikkedilla :)

Hei hei:)

Eg har tenkt på det lenge, og no har eg rett og slett funne fram strikkepinnane mine etter at dei har lagt brakk leeeenge ;)
Har hatt lyst å strikke eit trekk til eit to-liters Norgesglass, og no er det gjort! Er ikkje noko strikkemeister -dei evnene var det søstra mi som fekk ;) -så eg blir jo såå fornøgd med meg sjølv når eg får til noko lite hehe :))




Tenkte eg skulle ha denne ute på terrassen :) 



No har eg eit nytt strikkeprosjekt på gang, eit som er ein smule meir utfordrande og større, blir spennende å sjå korleis det blir! :)

Ha ein flott kveld ♥