lørdag 18. februar 2012

Strikkepuff :)

God laurdag!:)

For litt over ei veke sidan var eg inne på bloggen til Sissel Astrid og såg den tøffe puffen som ho har strikka :) Dette såg frykteleg avansert ut, og tenkte at aldri verden om eg greier noko slikt! Eg er som sagt ikkje eit strikkefantom, kan kun dei heilt grunnleggande tinga :) Men Sissel meinte at dette skulle no eg også greie, og etter masse coaching frå henne var eg igang ;)

Og det var jo faktisk ikkje så 'ille gæli', eg la opp 60 masker (med dobbel tråd) og spøta (som søstra mi seier ;) ca 1,5 meter att og fram. Brukte rundpinne nr 8 i str. Så sydde eg endane saman, og snurpa den først på eine enden. Deretter stappa eg oppi ei dobbeldyne og ei enkel (!) og snurpa saman andre enden også :)

Men gu nåå meg kor eg knota når eg holdt på haha:)) Tråden slitna fleire gongar når eg sydde ihop endane (litt for mjuk tråd...)
Og slitna også TO gongar når eg snurpa att puffen etter dynene var på plass. Eg hadde då prøvd fleire trådtypar, og brukte til slutt dobbel tråd på forsøk nr 3, og DÅ gjekk det ;)

Eg er veldig fornøgd med resultatet, syns den matcha fint med soffen, er nesten heilt lik i fargene :)
Eg planlegger å lage fleire, for syns dei er så fine! Lille ønsker seg ein blå, og eg har lyst å ha ein på soverommet :) Kanskje eg tørr å bruke ein sprek farge då? ;)Men denne str er ganske så stor, så lager kanskje ein litt mindre :)

Her skal dere få sjå resultatet:





Her ser dere fargane :)




Ja kva syns dere? :)

Ha ein flott laurdag!


8 kommentarer:

  1. Du er jo super flink !!!
    Ble råtøff :)
    Gjelder og ikke gi opp <3
    Ha en fin helg, klem klem !!!

    SvarSlett
  2. Så kjempetøff puffen din ble. Flinke deg.<3 Passer perfekt inn.
    Klem fra Kirsten

    SvarSlett
  3. Den ble kjempefin. Lurer litt på åssen garn du brukte? Tror jeg skal prøve meg:)

    SvarSlett
  4. Den ble lekker Anita! Flinka!
    Ha en flotters lørdag, fine du!

    klem Lotte

    SvarSlett
  5. Syns du har gjort ein flott jobb!!!
    Gla for å kunne hjelpe :)))

    Klem og god helg ;)

    SvarSlett
  6. kjempefin, Anita! <3
    ser ikke ut som det er første gangen du strikker en sånn....blir helt imponert!
    spøta sa bestao mi og ;-)

    Ha en knallfin lørdag!

    klem

    SvarSlett
  7. Så fiiiin!
    Har planer om å strikke en slik selv...Meeen denne tiden da ;) hehehe
    Ha en fin lørdagskveld søte deg =)
    KLEM

    SvarSlett
  8. Disse strikkepuffene er så fine, og dine intet unntak.

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥