God morgen kjære alle!
Forige helg var eg ein tur heim til Sunnfjord,
og lukka var stor når eg fekk ein gammal øydelagt varmeovn
av bestemora mi, som hadde stått på eit kott i årevis :)
Eg tykkjer desse er SÅ tøffe,
og eg har sett mange som har gjort dei om til lamper.
Eg ante ikkje korleis eg skulle gjere det,
men eg likar utfordringar, så tenkte som Pippi:

'Dette har jeg ikke gjort før, så det kan jeg helt sikkert' ;)
Det var vore mange humpar undervegs,
men eg er veldig fornøgd med resultatet!
men eg er veldig fornøgd med resultatet!
Her kjem før/etter -bilder:
Ovnen hadde sett sine betre dagar ja....
Her har eg skrudd av botnen,
og der var det mykje grums og skitt!
Var eit styr å få løsna innmaten, skruane var rusta
og ikkje enkelt å komme til... Men etter iherdig innsats så gjekk det ;) |
Her har eg brukt kromrens, ei tube eg kjøpte på Clas Ohlson. Den funka som ei kule, det blei kjempeblankt og fint! |
Eg lurte lenge på kva farge eg skulle bruke på ovnen,
først så tok eg eit strøk med kvitt, men syns ikkje det blei fint.. Har så mykje i den fargen frå før, og eg ønska at den skulle skilje seg ut litt meir frå det andre interiøret. Så då blei det ein lys grålilla, den samme som eg har på fondveggen i stua :)
Sidan eg brukte interiørmaling så spraya eg eit strøk
med klarlakk oppå, for å få ein blank finnish
og det er lettare å halde den rein :)
Når det gjeld sjølve lyset i ovnen,
så har eg kjøpt ein lampeledning med dimmar
og vanleg lyspære på Clas Ohlson som ligg inni :)
Eg såg(etter eg hadde skrudd den saman og lampeledninga var på plass)at fargen inni ovnen viste veldig godt... Så då var det berre å demontere den igjen og male innvendig også...
Skal ikkje vere enkelt ;)

...Men her er altså resultatet:
...Ser at eg må skrape litt maling av krom'en... ;) |
Lurte på kor eg skulle plassere den nye fine lampa mi,
men syns den passa fint her :)
Dette bildet tok eg i gårkveld, blei kjempefin stemning av lyset syns eg :) |
Etter eg starta på blogginnlegget så kom eg på at eg
har ein wallsticker eg ikkje har brukt,
som kanskje kunne vere fin på ovnen.
Så eg rota den fram og klistra den på :)
♥ |
Ja kva syns du?
Var den finast med eller uten wallsticker på? :)
Eg håpar du blei litt inspirert til å kanskje gjere noko liknande sjølv, der er mange gamle ting som kan få nytt liv
og bli noko heilt anna og unikt :)
Og ein treng ikkje vere spesialist på området,
eg hadde aldri gjort dette før, eg prøva og feila
heilt til eg fant ut av det :)
Ynskjer deg ein strålande fin haustdag,
her skin sola frå skyfri himmel :)
Take care,
her skin sola frå skyfri himmel :)
Take care,