torsdag 27. desember 2012

God jul!

God jul kjære alle sammen!
 
Uff eg har skikkeleg dårleg samvet for at eg ikkje har gitt lyd frå meg på veeldig lenge....
Advent fauk avgårde, og det var jul før eg fekk sukk for meg..
Trur kanskje eg hadde advents-jule-tåke om det fins ;)
Uansett så håpar eg at dere har ei kjempefin jul,
 eg er nettopp komt tilbake til Bergen etter å feira jul heime i Sunnfjord i barndomsbygda mi :)
Eg har hatt det kjempefint, og fått lada batteria:)
I morgen reiser eg til Levanger, skal feire nyttår sammen med min lille skatt hos ei venninne og hennar familie:)
Det gledar eg meg til!
 
 
Tenkte å vise dere nokre bilder frå litt av adventspyntinga mi, sjølv om eg kan tenke meg at dei fleste er temmeleg metta på slike blogginnlegg hihi ;)
 
  
 
 
 Elsker desse fine fuglane,
hugsar Besta hadde slike når eg var liten :)




 Min fine adventskalender som er av tre :)


 Fine stjerna som eg fekk av Annika i fjor :)


 Dette hjerte har Joacim laga♥



Eit av dei mange julekorta som eg skreiv :)


 Skjønne vesle juletreet vårt :)

 
 
Finaste pynten som Sissel Astid og Ingrid ga meg :)



 
Ja alle sammen, då vil eg berre ønske dere alle ei fortsatt fin romjul og eit strålande nytt 2013!
 
 




mandag 19. november 2012

Lys i mørket :)

 
Hei alle :)
 
FOR eit ruskeveir vi har her på Vestlandet for tida..
Det regnar sidelengs og vinden ular rundt 'nåvene' ..
DÅ er det deilig å vere inne, og kose seg med levande lys :)
Eg har lyst å vise dere ein ny lysestake
som eg syns gir så fin stemning..
 
 
Joacim + Mamma = sant ♥
 
 

Always happy when I'm with you




 
Lysestaken er kjøpt på Ellos,
kanskje ein fin julegåveìde
til ein du er glad i? :)
 
 
Ha ein hærlig novemberkveld,
 
 
 

tirsdag 13. november 2012

Hekledilla :)

Hei hei :)

Eg har verkeleg fått dilla på hekling :)
Så moro å sjå kva eg får til, og det blir fine julegåver syns eg :)
Denne korga er eindel større, og hekla av ein mjukare garnvariant.
Så denne står ikkje av seg sjølv utan innhald :)
Eg brukar eigentleg ikkje oppskrift, men vil du sjå ein variant, besøk denne sida: http://www.pickles.no/formfin-heklakurv/ :)



Fin til å ha strikke/hekletøyet i :)


Ein skjønn engel♥
 


 
Tusen takk for fantastisk respons på
den første korga eg laga, det varmer eit ferskt heklehjerte!
♥





mandag 12. november 2012

Eit bilde med snert ;)

Tittei!

Her om dagen var eg på Nille og snusa litt :)
Eg må verkeleg sei at den butikken er blitt veldig bra, med mykje fint til ein rimeleg penge :)
Eg kjøpte blant anna ei bilderamme, som eg syns var nydeleg :)
Men så fant eg ikkje noko bilde eg ville ha i den, og fant fram Dymoen min.
Eg syns den teksten eg valte er både snerten og fin, og passer godt på nattbordet ;)


 
 

 
 




Ja kva syns du? ;)
 






søndag 11. november 2012

Mitt første hekleprosjekt :)

Hei kjære alle som følgjer Draumehjerte!
No er det jammen lenge sidan sist, altfor lenge :)
Har lagt litt i dvale, kva kreativitet angår,
men no er eg tilbake i støtet ;)
Eg har fått sansen for hekling,
noko eg ikkje har gjort sidan eg gjekk i
Barneforeininga på barneskulen ;)
Har prøvd og feila litt,
men her er altså mitt første produkt,
ei lita korg for hårpynt!
 
Her kjem bilder:
 
 
 

 
 




 
Kanskje det er nokon som får denne under juletreet i år? :)
 
 
Ha ein strålande fin søndagskveld kjære alle,
eg skal sette igang med eit nytt hekleprosjekt ;)