søndag 4. mai 2014

Sommar i den nyoppussa utestova :)

God mai-søndag alle sammen!

I år har eg lagt inn ein ekstra innsats på terrassen :)
Malinga ytterst på golvet var blitt stygg, så bestemte meg for å male det på nytt etter 3 år :)

Starta med å skrape og skrubbe, samt vaske med salmiakkvatn.
   

Før
 Denne gangen har eg valt ein lys gråfarge 
som heiter tåkedis :) Blei veldig fornøgd!

Halvvegs, ser såvidt den nye gråfargen til høgre :)

Eg har også gjort litt endringar i interiøret, 
kjekt med forandring! :)

Her kjem eit bilderas:


Elsker denne fine hengestolen!


Min vesle oase :)


Litt endring her også, blant anna nytt teppe på golvet:)





Her har det faktisk flytta inn eit kjøttmeis-par!
Heilt magisk syns eg, gleder meg til det kjem små babypipper :))



Eit innslag av natur :)
Fant meg ein granstubbe som eg har fjerna barken på :)
Og eg elsker drivved!


Lavendel♡♡



♡♡♡♡











Eg er kjempefornøgd♡



Eg har også tatt bilder når det er kveldsstemning:




Koselig med biopeis!



Love it!






Her koser eg meg på kveldane :)
Eg er fornøgd med det eg har fått til på 10 kvm,
det gjeld å utnytte plassen maksimalt :)
Kva syns du? :)



tirsdag 11. februar 2014

Mitt første boligstyling for salg -oppdrag! :)



Hei hei alle sammen!

I midten av januar hadde eg mitt første oppdrag som (hobby)interiørstylist, 
der eg skulle gjere ei 2-roms leiligheit 
salgsklar her i Bergen by:) 
Eg gjekk inn i oppgåva med skrekkblanda fryd, 
er jo eit stort ansvar og første gangen 
ein gjer noko nytt er alltid litt skummelt!

Først så snakka eg med kunden om kva tankar
 han hadde rundt oppdraget og det gjekk som ein drøm, 
eg fekk omtrent frie tøyler ;)

Så laga vi ein slagplan, 
samt renska og plukka vekk alt
som ikkje er naudsynt å ha med på fotografering/visning. 
Eg tenker at det er halve jobben,
då ser romma større ut og og gir eit roligare uttrykk :)


Dagen etter var vi på shopping,(med handleliste)
og så var det klart for styling!

Eg har satsa på enkelt & stilfullt, og her er resultatet:)



Soverommet:











Badet:











Kjøkken:

Her har eg dekka eit tomannsbord med vin på bordet, 
for å skape ekstra hygge :)







Stue
















Når ein skal selge bolig så tykkjer eg det er viktig at den appellerer til flest mogleg både i alder og kjønn. 
Då gjeld det å skape ei atmosfære som alle kan like :)
Eg valgte mørk lilla som dekorfarge i alle rom, 
eg tenker at den er ganske kjønnsnøytral, 
samt at eg syns ein gjennomgåande farge 
gir eit godt heilheits-inntrykk :)

(Og dess fleire som likar boligen, 
dess fleire kjem på visning og byr ;)

Og apropo det! 
leiligheita blei seld etter første visning 
og det for 350.000 kr over takst, juhuu! 
Gjett om både kunden og eg blei glad då! 
Tykkjer det er eit fantastisk godt resultat 
slik boligmarkedet er pr no :) 
Og då har eg vertfall ikkje bomma fullstendig 
med mitt første oppdrag som (hobby)interiørstylist :))

Dette har gitt meg sjølvtillit til å ta fleire slike oppdrag, 
så kjenner du nokon som treng 
ein sjølvlært interiørkonsulent 
så er det berre å gje meg ein lyd :))

Ha ein strålande aften,







søndag 26. januar 2014

Forandring fryder!


God januarsøndag alle sammen!

Litt i seinaste laget, men eg seier
 G O D T  N Y T T Å R 
til alle dei som les bloggen min :))

Når jula er rydda ut følest det ofte litt tomt, og vertfall tykkjer eg det er kjekt å forandre litt og kanskje kjøpe nokre nye skattar til heimen :)

Og det har eg gjort!
Heldigvis har eg funne eindel på salg, 
då er det jo enda meir stas ;)

Eg har lenge hatt lyst på eit nytt lysfat, 
men ikkje før no har eg funne det perfekte for mi stue 
og ikkje minst som passar til bordet mitt :)


Her kjem litt bilder:





Eg har satt sammen fine favoritter, 
likar å blande ulike element :)


Den vakre Buddha i betong, eg blir rolig av å sjå på den♥


Skjønnaste Bambi♥


Eg lengtar etter våren,
 flotte perleblomsten er ein av mine favorittar :)



Elskar patinaen på fatet,
nydelig når det grøne kjem fram hist & pist :)



♥

Eg har også kjøpt meg ein kirsebærkvist, love it!




Vakkert♥




Eg var i Stryn ved nyttår, og då svinga eg innom 'ToDamer Interiør'. Der fant eg denne tøffe puta! Svindyr var den, 
men heldigvis til halv pris ;)




Her er eit oversiktsbilde over salongen i stua mi :)
(Ser lyset blei veldig gult her...)




Ynskjer deg ein strålande fin kveld!



tirsdag 26. november 2013

Overraskelse i posten! :)


God novemberkveld!

Når eg kom åpna postkassen min idag låg der ein pakke :) 
Hmm tenkte eg, for eg kan ikkje hugse å ha bestilt noko?..
Opna opp og der fant eg ein superfin termokopp, 
ein 'kjærleik på staur' samt ein lapp :)
Kjempekoseleg å bli sett slik pris på, 
det varma etter ein ganske så hektisk dag :)
..Men kven er den 'glade lesaren' tru? 
Merka eg er svært nyskjerrig ;)
Men uansett, om du les dette 
du som har gitt meg denne kjekke gåva; 
TUSEN TAKK, you made my day! 









Igjen, tusen takk du skjønne lesar av bloggen min 
som ga meg denne flotte presangen!

Ha ein strålande fin kveld,


søndag 17. november 2013

Vinnarane av Give Away frå Tante Bolette!

God søndagskveld kjære alle sammen!
No har eg trekt ut dei fem heldige vinnarane 
som får ein bunke med nydelige kort 
og gåvelappar frå Tante Bolette :)

Trekninga gjekk føre seg slik:
Eg skreiv opp alle lodda og namn på dei som var med, 
klipte ut lodda og la dei i ei skål. 
Så lukka eg auga og trakk ut fem lodd. 
Og voila!



Lykketala :)


Dei fem heldige er:

                             *Jannicke 
                             *Anne
                             *Karin
                             *Linn Therese
                             *Mona Beate


GRATULERER så masse damer! 
Dere vil få pakke i posten om ikkje lenge :)




Dere som dessverre ikkje vant-
fortvil ikkje! Det er fullt mulig 
å bestille dei flotte korta og gåvelappane 
via fb-sidene til Tante Bolette og Allmuen , 
Henriette hjelper dere gjerne :)

Ha ein strålande fin kveld,