Hei i kvelden!
Eg har alltid vert slank. Til tider svært slank.
Eller 'skrinne', tynn, mager, beintrangel, strek, fyrstikk,
osv som mange har kalla meg oppigjennom livet..
Det er kanskje derfor eg svergar til å kalle meg slank,
Eg tykkjer det er eit meir behageleg ord,
og eit ord som ikkje er blitt sagt til meg med negativ swung.
Når eg var barn så hugsar eg ikkje så mykje av at eg var undervektig.
Men så kom puberteten.. Eller mangelen på den...
Mange av jentene hadde fått både pupper og mens, men ikkje eg nei....
Eg venta og venta, men ingenting skjedde.
Gjekk til sjukesyster og fekk beskjed om at eg låg 1 1/2 år
etter dei andre jentene i utvikling..
Ikkje spesielt kjekt når eg er byrja på ungdomsskulen
og slikt betyr ein del!
Men ENDELIG fekk eg no den berømte tante rød,
i ein alder av 15 år.
PÅ TIDE syns eg, ikkje for at det er så himla kult å ha,
men fordi eg då endeleg følte meg litt normal vertfall..
Men vekta var like låg...
Eg er oppvaksen med feite meirerivarer og bondekost,
og eg åt som ein hest, men ingenting hjalp.
Og i pubertertsalderen byrja folk å kommentere vekta mi.
Og det slutta ikkje før eg var i 30-åra.
Nær familie, slekt, bekjente, bygda, medelevar
, medstudentar, kollegaer, gjester, folk på byen, andre ukjente,
JA YOU NAME IT.
I over 20 år høyrde eg omtrent dagleg kor tynn eg var.
Hugsar at eg skjulte meg bak store t-skjorter,
gjekk aldri i bikini eller sommarklede,
utanom saman med vennane mine (som lot meg vere i fred).
Når eg flytta heimanifrå i ein alder av 20 år,
gjekk eg med to bukser for å verke tjukkare,.
Byrja å jobbe på hotell og måtte bruke skjørt på jobb.
PANIKK!
Sto i anretninga og hadde pusteproblem første gong
eg skulle gå inn i spisesalen
og måtte vise leggane mine.
Følte eg sto der splitter naken.
Eg opplevde også å bli gjort slutt med av ein gut,
der eg i etterkant fekk høyre at han slo opp fordi han syns eg var for tynn.
Tenk kva det gjer med ei ung jente, med ifrå før eit knust hjarte..
La heller ikkje på meg når eg var gravid, til min store fortvilelse..
Sikkert luksusproblem for mange, men ikkje for meg,,
Meeen så kom dei glade 30-åra, og noko skjedde endeleg!
Sakte men sikkert byrja vekta å gå opp,
sikkert alderen som dempa den ekstreme forbrenninga mi :)
Eg har aldri følt meg så FRI som etter det endelig
blei slutt på kommentarer som:
'GUUUUU så tynn du er!'
'Får ikkje du mat du?'
'Nei no må du ta å drikke fløyte så du legg på deg litt'
'(..)..Mannfolk likar å ha litt å ta i veit du'
'Berre skinn og bein på deg!'
...Ja eg kunne fortsett i det uendelege.
Faktisk, så la eg så mykje på meg
at det blei litt for mykje av det gode, sjølv for meg hehe ;)
Så eg flirte godt for meg sjølv når eg for første gang i historia
kunne vere i det glade selskap og seie at
'eg trur eg må prøve å slanke meg litt' :D
DÅ var eg 70 kg, og når eg var på mitt tynnaste
i utvaksen alder var eg ca 50..
Og eg har aldri trivast så godt som når eg hadde for mykje rundt om,
DET var eit luksusproblem for meg!
Viste seg at eg hadde matintoleranse for ulike matvarer,
som gjorde at eg såg ut som ein ballong til tider...
Og ei eldra dame hadde spurt ein slektning av meg om eg var gravid haha :D
Nope, berre stor i mageregionen gitt!
Men det var ingen som sa til meg:
'GUUU så diger du er blitt rundt magen!'
eller
'No har du jaggu lagt på deg'
eller
'Jaja, ser du får nok mat i vertfall'
Så i den 70-kg perioden var det på med Hold-in undertøy
og slutt på trange toppar..
Og Eg Hadde Aldri Hatt Det Bedre!
Så fekk eg ADD-diagnosen min i sept 2014,
(viser til tidlegare innlegg, det kan du lese
her),
og eg bestemte meg for å teste ut medisin i nov-2014,
for å prøve å klarne mitt vimsete haud litegrann :)
Ein av bivirkningane var mangel på svoltfølelse
og vekttap grunna dette.
Og den fekk eg. Og det ga seg aldri..
Og kiloane smelta vekk, sakte men sikkert..
Dei første 2 syns eg var heilt greit, men så var det ikkje kjekt lenger..
Det var lenge sidan eg hadde tenkt på kor tynn eg var
i oppveksten og fram til eg var over 30 år,
og den trakasseringa som eg opplevde i alle dei åra.
Dette var eit tilbakelagt kapittel,
som eg var heilt sikker på eg ikkje skulle oppleve igjen.
Men dengang ei..
Angsten for å bli for slank igjen kom snikande
OG NO BYRJA KOMMENTARANE IGJEN.
'Guuu så du har tatt av'
'Herreguud, du blir jo berre tynnare og tynnare'
'Er snart ikkje meir igjen av deg no'
OSV...
Og DER kom alt veltande over meg igjen....
Plutseleg hugsa eg alle dei verbale 'piskeslaga'
eg fekk i alle dei åra.
Og i dag tok eg ei sjefsavgjerdsle.
Eg sluttar på medisinen.
Var hos legen, og ho støtta meg i dette.
Bivirkningane er større enn effekten,
og eg orkar ikkje la dette vektstyret ta all energien min.
Så då får dere berre tåle at eg fortsatt kjem til
å vere litt vimsete og glømsk hehe :)
Eg visste alle dei åra, at eg var undervektig,
Og det plaga meg heilt grusomt.
Enda verre var det at eg ikkje kunne gjere noko med det.
'KVA er det som feiler meg?' tenkte eg dagleg.
Eg hadde meir enn nok med å takle kroppen min
og tankane mine rundt vekta mi,
om ikkje Alle skulle ha ei meining
og fortelle meg det konstant.
Eg følte meg fryktelig stygg i tenåra, og isolerte meg til tider..
No er eg vaksen, og taklar nok dette betre no
enn når eg var ei ung jente.
Men eg kjenner fortsatt den følelsen
av å ikkje vere bra nok,
når nokon kommenterer vekttapet mitt.
Seinast fredag fekk eg ein kalddusj.
Eg var i byen for å fikse vippene mine,
då det første dama eg går til seier:
'Oh, even more skinnier???'
Fuck altså, der forsvant humøret mitt den dagen..
Det gjekk mykje hardare inn på meg eg eg trudde det ville..
Skulle på byen den kvelden,
og sleit voldsomt med å finne eit antrekk eg følte meg vel i..
Heile den usikkerheita eg følte som ung jente
kom over meg som ein tsunami..
Mange har sagt til meg oppigjennom at det sikkert er meint godt
og kanskje er misunnelse.
Misunnelse på kva då, må eg virkelig spørje...
Hadde du ønska å ha det slik eg hadde det?
Tvilsomt.
SÅ, kva vil eg med dette?
Jau det skal eg fortelle dere :)
Tenk litt over kva du seier til dei rundt deg,
ord kan ramme hardare enn du trur...
Det er eit ordtak som seier:
'Du skal mene alt du sier,
men ikke si alt du mener'
...Så no gledar eg meg stort til at svoltfølelsen kjem attende
som ein sakna venn,
og eg ser fram til å heller ha nokre kilo
for mykje rundt omkring, tjohooo!
Take care,