GODT NYTT KREATIVT ÅR alle sammen!
Håper alle har hatt ei flott jule-og nyttårsfeiring, det hadde eg :)
Jula blei feira saman med familien i Sunnfjord, og nyttår ilag med gode venner her i Bergen :)
Vi hadde middag hos meg, og så var vi i byen utover natta :)
No er vi komt til 2012, eit nytt år med nye kreative moglegheiter!
Eg ser verkeleg fram til våren no, ingenting gir meir livsglede enn når det byrjar å spire og gro rundt oss, fuglane kjem attende frå reis, og det blir varmare i veiret:)
...Og då merkar eg at mitt kreative gen vaknar opp frå dvalen også :) For ja, eg går litt i dvalemondus i vinterhalvåret, spesielt når det gjeld fornying i heimen. Eg har eit prosjekt som eg gledar meg til å byrje på til våren/sommaren, og det er soverommet:)
Eg er lei den lilla fargen, og har lyst til å gjere noko anna gøy ;)
SÅ vil eg takke alle dere som følger bloggen min og oppmuntra meg til å starte den! Eg var litt skeptisk i byrjinga, men det hadde eg ingen grunn til! Eg er såå takknemlig for alle positive tilbakemeldingar og kommentarer både her inne, på Fb og personlig, det betyr mykje for meg ♥
Og det gir meg motivasjon & inspirasjon til å fortsette å blogge og finne på kreative sprell :)
Så tusen takk kjære alle fine dere ♥
..I kveld skal eg legge inn nokre bilder av litt nye tekstiler i stua, til dess, take care :)
Så koselig Anita <3
SvarSlettKlem Lotte
kjære, søte Anita! <3
SvarSlettGleder meg at du er inne og oppdaterer oss litt....savner innleggene dine!
klem tone
Gleder meg til bilder !!!
SvarSlettFlott signatur <3
KLEM <3