søndag 25. mars 2012

'Lær å lage din eigen hudkrem-Kurs! :)

Hei kjære alle sammen :)


I går (laurdag) var eg på eit fantastisk lærerikt og givande kurs hos ei dyktig og inspirerande gründerdame som heiter Sissel :)
Ho har ei bedrift og nettbutikk som heiter Salome der ho sel økologiske oljar til hudpleie samt held kurs om nettopp desse oljane og korleis du kan lage dine eigne kremar :)
Sissel har også ei facebookside, eg anbefalar virkelig å 'like' sida hennar, samt besøke nettbutikken :) Fantastiske produkt, og eg simpelthen elskar reinseoljen og dusjoljen, dei er såå gode og tørkar ikkje ut huda:)





Så over til kurset:

Først gjekk ho gjennom oljane og hadde litt teori rundt dei, og så fekk eg lage min eigen handkrem og ansiktskrem :) Hygiena er svært viktig, så vi brukte plastforkle og eingangshanskar.
Det var eigentleg som å bake!
Kremane består av ein feittbase og ein vannbase.
Eg målte opp ingrediensane til desse og hadde det oppi to kasseroller,varma opp til 75 grader, deretter blanda og avkjølte eg kremane medan eg rørte :)

Så var det til slutt å fordele kremen i små krukker :)
Grunnen til at krukkene er så små er at den inneheld ikkje konserveringsmiddel, og må frysast. Så tar ein opp krem etterkvart som ein treng :) Den held seg i 2-3 veker i romtemperatur, både før og etter den er fryst.
Utrulig spennende og gøy, og resultatet blei kjempebra ;)
Denne som eg laga var uten duft (bra for allergikarar), men dette kan ein tilsette som ein vil, med eteriske oljar ein blandar i før kremen blir porsjonert i krukkene.



Handkremen består av VE-feitt, lanettevoks, jojobaolje,sheasmør, MF-feitt, glyserin og vatn
Ansiktskremen består av VE-feitt, lanettevoks, tistelolje, mandelolje, jojobaolje, solsikkeolje, MF-feitt, vatn, glyserin, nattlysolje og nypekjerneolje

No har eg prøvd begge desse kremane, både til ansiktet og hendene, og eg kan med mjuke puselankar på hjertet sei at det er den beste eg nokon gong har prøvd!(Og eg har prøvd det meste) Den er så len og god, og trekk godt inn i huda:) I tillegg er kremane økologisk, altså heilt rein utan paraben, silikon, mineralolje og anna ulumskheiter :)
Og eg må jo sei det er ekstra stas når eg har laga dei sjølv ;)

Eg anbefalar virkeleg dei som har anledning, til å vere med på eit slikt kurs, her finn du kursdatoar og info. Eg skal vere med på fleire etterkvart ;) Og eg kjem til å produsere eigne kremar når Sissel får laga og lagt ut for salg 'kit' som innheld alt ein treng :))

Eg har laga små gåver av den kremen eg produserte, kanskje det er nokon som får ei slik til påske? ;)




Så kjære Sissel, tusen takk for at eg fekk bli kjent med deg og vere med på eit fantastisk kurs, eg trur nok vi sjåast snart igjen ;)





Kunne du tenkt deg å laga din eigen krem? :)



8 kommentarer:

  1. Så spennande :-) Du e no ei økologisk dame frå før, Anita, men dette er jo heilt i di "gate" :-)

    SvarSlett
  2. skulle ønske det kom sånt kurs over her...så smart!
    jeg kunne godt laget min egen håndkrem...uten alt "dritten" som blir tilsatt....kanskje blitt kvitt eksemen jeg har.

    klem tone

    SvarSlett
  3. Slike ting har jeg sansen for !
    Og som Tone sier... Så deilig å vite hva som er inne i kremen :) Ikke bare masse bokstaver, tall og andre greier ;)
    Morsomt :)

    Klem

    SvarSlett
  4. Dette såg skikkelig artig ut, og ikke minst at det er reine produkt.

    Klem Inger

    SvarSlett
  5. Høres spennende ut - og interessant. :-)
    Jeg finner ALDRI håndkremer som fungerer....
    Så gøy at du fikk vært med på kurs - det hadde nok flere hatt glede av også!
    Ønsker deg en fin dag!
    Klem, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Marianne:)
      Om du gir meg adressa di skal eg sende deg en handkrem som du kan få prøve ;)

      Slett
  6. Det er eg som skal takka, Anita, for ein inspirerande kursdag sammen med deg! Eg er priviligert som får møta nye menneske som er fulle av glød og interesse, og som brenn for å bringa gode verdiar vidare!

    Vårhelsing frå Sissel.

    SvarSlett
  7. SÅ deilige produkt!
    Har prøvd både handkremen og ansiktskremen no :)
    Og påske-egget har fått plass på ei seljegrein ;)
    Tusen takk!

    klem

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥