onsdag 27. juli 2011

Djupe tanker...

 God kveld kjære alle :)

Korleis står det til med dere i kveld?..
Eg kjenner at desse orda betyr meir enn før.. Ikkje det at eg ikkje meinte det oppriktig når eg spurte før denne skjebnesvangre fredagen, men eg kjenner at dei har fått endå meir oppriktigheit og kjærleik i seg.. Heile nasjonen har fått ei felles sorg som er heilt ubeskriveleg og vond.. Og eg tenker at det er viktigare enn aldri før og spørje korleis våre medmenneske har det.

Trur nok denne grusomme hendinga har "vekt" oss litt... Vi har fått litt andre "briller", vi er blitt meir empatiske, omsorgsfulle og flinkare til å vise følelsar. Og det syns eg er så bra!
Og eg håpar vi kan fortsette slik...

Og eg trur det er viktig å ikkje gløyme at folk har mange sorger og vanskelige dager, også utanom denne fryktlege tragedien.. Nokon er einsame, har det vanskeleg i kvardagen, eller kanskje slit med sjukdom.. Vi må ikkje gløyme desse! Kanskje kan vi bli enda flinkare til å bry oss om andre rundt oss, og gi ei hand til dei som treng det...





Ein annan ting som eg har tenkt mykje på dei seinare dagar er tilgivelse..og forsoning.. Eg meiner ikkje at vi på nokon som helst måte skal tilgi det denne djevelen gjorde, det er umulig å be eit mennenske om..
Men når vi har gått gjennom ei slik horribel hending, så er det lett for at ein byrjar å tenke på andre ting som har skjedd ein i livet..
Ting som ein før ikkje har villa gi tilgivelse for, eller kanskje er det ulikt som ein sjølv gjerne skulle ha gått tilbake i tid å forandra.. Ting ein har sagt eller gjort...

Eg hørte nokre kloke ord i dag: Å tilgi er å slutte å ønske at fortida hadde vert annleis...

Det er ganske sterke ord...
Eg har lest den setninga for meg sjølv mange gongar idag for å analysere kva den betyr for meg... Og det er ganske mykje.. Eg har såre minner frå mange opplevelsar i livet mitt, og også ting som eg skulle gjort annleis, men som desse kloke orda seier så kan ein dessverre ikkje skru tilbake tida.. Men ein kan velge korleis framtida skal vere, korleis ein skal te seg og kva ein seier... Eg har vertfall fått merke at vi veit ikkje kor lenge vi er her på jorda, og livet er for kort til å vere bitter..

Dette blei kanskje litt djupe ord så seint på kveld, men eg syns det er eit viktig tema..

Ynskjer dere alle ei god og fredfull natt, ta vare på kvarandre! 

Varme klemmar frå frk Åsnes





1 kommentar:

  1. du har en fin måte å skrive på, Anita <3 klem tone

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥