søndag 11. september 2011

Endelig peis!

Hallaien alle sammen ;)

Står til? :)
Eg har det fint, men dog full timeplan :) Dagene flyr avgårde, kan ikkje huske at dei gjorde det på denne måten før hausten?... Men det er vel slik A4-livet er;
Stå opp-stelle seg-bringe-jobbe-hente-lage middag-legge barn, nokre voksensone-timar og så lalle.... og eit par måltid innimellom... Og plutselig er ungane 18 og på vei ut av redet.... 
Trur det er viktig å stoppe opp innimellom, om det lar seg gjere.. Min timeout er å legge meg på Shaktimatta(spikermatte) ein gang pr dag.... Det gjer godt for både kropp og sjel, og anbefalast virkelig!

Denne helga har eg og Lille hatt besøk av søstra mi, det var kjempekos :) I tillegg har vi vore med på familiedag i borettslaget, med hoppeslott, natursti og skattejakt +++ :)Lille vant ei signert Brann-skjorte også :))
Deretter var vi inne i byen på Bergen Matfestival samt var ombord på ei flott gammal skute, Bounty, som kom heilt frå Amerika :) Så det har vore ein flott og innhaldsrik laurdag :)

I tillegg har eg fått ferdig den elektriske peisen min! Eg har venta på eit veggord, og i dag fekk eg den endelig :) Eg er svært nøgd med resultatet :)) Ikkje så lett å sjå flammane på bildene, men det ser veldig naturlig ut! Og den lager ei fantastisk stemning :)♥ I tillegg er det opptil 2000 watt varme eller du kan velge å berre ha på flammane :) Denne peisen er perfekt for leiligheiter som mi som ikkje har pipe :)


...Peisen slik den var ordinært:)
 Fin slik også,
men eg liker ikkje børsta stål lenger...



....Etter frk Åsnes har gått til angrep med bengalakk
og  veggord ;)

Kjære systemor har vore så snill å tatt utfordringa med å lage eit strikka trekk til ein puff som eg kjøpte på Finn for ei stund tilbake. Dette var ikkje noko enkel sak, men ho greidde det :)) Eg er sååå fornøgd, tusen takk Evelyn


Puffen har fått strikka-trekket på :))


NYdelig mønster!


Puffen ordinært :)
Kjempefin slik også, men fargen passa ikkje inn
 i mitt interiør... :)

Ønsker dere alle ei fortsatt fin helg, kos dere med dei som dere har kjær og grip stunda :)

Nattaklem frå frk Åsnes ♥

3 kommentarer:

  1. Hei og god søndag, anita!
    Ser du har hatt en fantastisk Lørdag og det toppet seg nok med at lille vant signert branndrakt :-)
    peisen ble så flott og nå blir det peiskos i vinter....den gjorde seg med stickers!
    puffen ble helt nydelig med strikketrekk, og for et fantastisk mønster....skulle ønske å kunne strikke.(heldige du som har noen som kan)

    klem tone

    SvarSlett
  2. Peisen vart kjempefin :) Veggorda - har du limt på eller måla på? Og puffen vart jo heilt super :) Artig å ha noko som ingen har maken til. Fortsatt god helg - og godt valg. Klem fra Inger

    SvarSlett
  3. Hei Inger :)

    Eg har komponert veggordet på www.trendystickers.dk, og det er klistremerke :) Genialt, for det er berre å rive av når ein er lei ;)

    Klem Anita :)

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥